Orkdal kommune
Orkdal er ein tidlegare norsk kommune i Trøndelag fylke. Han grensa til Snillfjord og Agdenes i nord, Hemne i vest, Meldal og Rindal (i Møre og Romsdal) i sør og mot Melhus og Skaun i aust. I 2020 blei kommunen slått saman med Meldal, Agdenes og ein del av Snillfjord til nye Orkland kommune.
Orkdal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Orkanger | ||
Areal | 594 km² | ||
- land | 567 km² | ||
- vatn | 27 km² | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Oddbjørn Bang (Sp) | ||
Kommunenr. | 5024 | ||
![]() Orkdal | |||
Wikimedia Commons: Orkdal | |||
Nettstad: www.orkdal.kommune.no | |||
Tettstader i Orkdal var Orkanger, Gjølme, Fannrem, Vormstad og Svorkmo. Orkanger var regionsenter for kommunane rundt.[1]
GeografiEndra
Elva Orkla renn gjennom kommuneområdet og ut i Orkdalsfjorden ved Orkanger. Orkdalsfjorden er ein sidefjord til Trondheimsfjorden.
Det er mykje dyrka mark i Orkdal. Ho finst hovudsakleg i botnen av dalen og på store, flate avsatsar eit stykke oppe i dalsidene. På lokal dialekt blir ein slik avsats kalla ein «jår», og i Orkdal er det seks «jårar»; Ustjåren, Berbusjåren, Kvålsjåren, Togstadjåren, Monsetjåren og Fossjåren.
Elvar, fjell og vatn i OrkdalEndra
NæringslivEndra
På Orkanger ligg industriområdet Grønøra. Dette er eit av dei største industriknutepunkta ved Trondheimsfjorden.
UtdanningEndra
HelseEndra
Orkdal sjukehus er lokalsjukehus for regionen. Det heitte tidlegare Orkdal Sanitetsforenings Sjukehus og var eigd av den lokale sanitetsforeininga, men er i dag ei avdeling under St. Olavs hospital.
Verdt å sjåEndra
Thamshavnbanen frå Løkken Verk i Meldal og ned til Trondheimsfjorden i Orkdal kommune er no nedlagt, men ei kortare strekning er gjenopna for turistar.
TusenårsstadEndra
Tusenårsstaden i kommunen var stasjonsområdet på Fannrem. Dette inkluderer gamle Fannrem jernbanestasjon, Stasjonsparken, samt den gamle brannstasjonen.
I parken er det bygd musikkpaviljong, leikeapparat, bord og benkar. Sentralt plassert i parken er skulpturen «Go'foten», eit handfast bevis på Nils Arne Eggen sin «godfotteori». Tusenårstreet til kommunen er òg planta her.
Tusenårsstaden er hyppig bruka til ulike arrangement og føremål gjennom året: Parkrennet, 17. mai-feiring, Stasjonsdagen, Husflidsdagen, Oktoberfestivalen, julegrantenning, veteranbilutstilling, museumsjarnbane, husflid med meir.
Fannrem Velforening har ansvaret for den daglege drifta og vedlikehaldet av staden.
BileteEndra
Kjende orkdalingarEndra
- Johan Bojer, forfattar
- Nils Arne Eggen, fotballtrenar
- Roar Ljøkelsøy, skihoppar
- Christian Thams (1867-1948), industrigründer
- Musikkgruppa Gåte, folkemusikk/rock
BakgrunnsstoffEndra
- ↑ «Orkdal som regionsenter og bokommune». www.avisa-st.no (på norsk bokmål). 1. september 2015. Henta 23. januar 2019.