Orkesteret Fossegrimen

Orkesteret Fossegrimen er eit regionalt amatørsymfoniorkester for dei indre kommunane i Hordaland og nabokommunar i Sogn og Fjordane. Det vart starta i 1917 av lektor Erik Eggen ved Voss off. Landsgymnas og har vore i mest kontinuerleg drift sidan, frå 1981 som regionalt symfoniorkester.

Orkesteret tel i dag rundt 40 aktive medlemer, både amatørar og yrkesutdanna musikarar i "alle" aldrar frå ungdomsskuleelevar til pensjonistar. Medlemene vert rekrutterte frå heile regionen, og Fossegrimen har full symfoniorkesterbesetning. Fast dirigent og kunstnerisk leiar er violinisten Dagfinn Rohde, til dagleg musikar i Bergen Filharmoniske Orkester. Forutan dirigenten er 3 distriktsmusikarar og 4 andre yrkesutdana musikarar engasjerte fast som gruppeleiarar og instruktørar. Orkesteret har prøver fast ein kveld i veka.

Fossegrimen held vanlegvis 6-10 offentlege konsertar i regionen kvart år, då gjerne med 4 ulike program, som vanlegvis inkluderer eit barne-/familieprogram der unge musikarar/ kulturskule-elevar får vera med i orkesteret og gjerne vera solistar med orkesteret, framføring av eit større kor-orkesterverk (oratorium e.l.), eit symfonisk program og gjerne eit lettare sesongavslutningsprogram. I tillegg kjem gjerne tilfeldige ekstraoppgåver.

Orkesteret Fossegrimen ser det som si oppgåve å vera eit aktivitetstilbod for interesserte musikarar - amatørar og profesjonelle - i regionen, både strykarar, treblåsarar, messingblåsarar og slagverkarar. Ved å halde regelbundne konsertar ynskjer vi å gi eit tilbod om "levande" orkestermusikk til publikum. Nær kontakt med kulturskulane i regionen er heilt naturleg, og vi har og samarbeid med musikklinene ved Voss Gymnas og Voss Folkehøgskule. Ofte er vi saman med andre lag i regionen (kor, korps o.a.) om enkeltprosjekt. Fossegrimen samarbeider med komponistar i regionen for framføring av deira musikk og med utøvande musikarar for samspel og akkompagnering.

Orkesteret har sitt sete på Voss. Øvingane vert haldne i forsamlingshuset «Nain» i Voss sentrum.

Bakgrunnsstoff endre