Koordinatar: 59°52′38″N 010°45′37″E

Ormøya er ei øy i Oslo (tidlegare i Aker[1]:137). Øya ligg i Bunnefjorden, og det er vegsamband ut til øya frå Mosseveien. Ormøya er ei lita øy, med om lag 120 husstander med alt frå sveitservillaer frå slutten av 1800-talet til rekkehus frå 1970-talet. Øya har strender, båtplassar og eigen park. Det er to offentlege bygg der, eit velhus som heiter Villa Lilleborg og ei trekyrkje (Ormøy kyrkje) teikna av arkitekt Bernhard Christoph Steckmest, som òg teikna Sandakergården og Groschgården.

Ormøya
øy
Ormøya.JPG
Kart
Ormøya

Ormøya
59°52′37″ N 10°45′37″ E
Wikimedia Commons: Ormøya

Opphavleg var Ormøya ei fritidsøy for velståande folk frå hovudstaden, men frå om lag 1900 vart det meir vanleg å bu fast på Ormøya.

Ormøya grensar i aust mot Paddehavet, oppkalla etter øya Skilpadden, til dagleg kalla Padda. Frå sørenden av Ormøya kan ein køyre over til Malmøya.

KjelderEndra

  1. R. Johnsen (kontorcef) og Arne Carlsen (finansdirektør) (1940). Aker 1837-1937 : kommunens styre og forvaltning gjennem hundre år. 1. Aker kommune. 

BakgrunnsstoffEndra