Os kommune i Hordaland

kommune i Hordaland
(Omdirigert frå Os, Hordaland)

Os er ein tidlegare norsk kommune som låg i Hordaland fylke, fram til han 1. januar 2020 blei del av Bjørnafjorden kommune.[1] Området ligg på Bergenshalvøya i Midhordland i Vestland fylke. Kommune grensa til Korsfjorden, Bjørnafjorden og Fusafjorden, til Bergen kommune og til Samnanger kommune i aust.

Os kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Adm.senter Osøyro
Areal 140 km²
 - land 134 km²
 - vatn km²
Målform nynorsk
Ordførar Terje Søviknes (Frp)
Kommunenr. 1243
Kart
Os
60°13′37″N 5°28′33″E / 60.226944444444°N 5.4758333333333°E / 60.226944444444; 5.4758333333333
Wikimedia Commons: Os, Hordaland
Nettstad: www.oskommune.no

I den gamle sogetida var namnet på heradet Framnes, av di det ligg fremst på neset av Bergenshalvøya. Os kommune stammar frå 1837. Frå 1837 til 1854 var noverande Fusa og Samnanger kommunar del av Os (eller Ous) herad. Namnet Os kjem av garden Os og bygdesentrumet Osøyro. Dei har fått namn frå elveosen til den største elva i kommunen, som heiter Oselvo. Elva har òg har gjeve namn til båttypen oselvar.

På kommunevåpenet for Os er det ein oselvar i gull. Over han er det ei stor rose og rundt han ni små roser. Det fortel om dei gamle handverka båtbygging og rosemåling. Dei ni små rosene representerer dei skulekrinsane som var i bygda då kommunevåpenet vart til. Kommunemerket vart utforma av teiknaren Trygve Eriksen til Osmønstringa i 1949.

Geografi endre

Gardane i Os er små og mykje oppdelte. Det er 352 gardsbruk på meir enn 5 dekar innmark, men berre 20 av desse er på 50 dekar eller meir. Det største bruket er Lysekloster.

Kommunesenter er Osøyro.

Dei høgste fjelltoppane er Svinningen (843 m) og Møsnuken (640 m).

Kultur og politikk endre

Kommunesong er Os-songen.

Lokalavis er Os og Fusaposten.

Os er heim til musikkfestivalen Osøren blues- & jazzfestival, og WT Os internasjonale filmfestival. Båe vert haldne for tiande gong i 2008. I 2007 kom det og til ein ny musikkfestival Rock n' Lol på Søfteland.

Saman med alle nabokommunane, så nær som Bergen, høyrer Os inn under Midhordland tingrett. Kommunen høyrer til Os lensmannsdistrikt og Hordaland politidistrikt.

Verdt å sjå endre

Næringsliv endre

Hovudnæringane i Os har tradisjonelt vore jordbruk og fiske, med litt handverk som treskoarbeid og båtbygging attåt.

Det vert nokre år dyrka korn i Os, på Kuven gard, alt etter forholda og behov. Store nedbørsmengder og mykje brattlende gjer åkerbruk vanskeleg. Men jordbruket vert drive relativt intensivt likevel: graset veks frodig på eng og beite, og ein del grønsaker og poteter vert det òg dyrka.

På slutten av 1800-talet byrja det å dukka opp fealslag og meieri i bygda. (Alle meieria vart nedlagde i 1960 då heile Os vart tilknytt Bergensmeieriet.)

I 1914 bygde Os sitt eige elektrisitetsverk og treindustrien skaut fart, særleg møbelfabrikkar. Det vart òg stifta ei rekkje mekaniske verkstader og Os vart etter kvart ei industribygd.

På midten av 1900-talet vart det bygd mange drivhus som dyrkar finare grønsaker og blomar.

Demografi og samferdsle endre

I gamal tid, før det kom veg til alle gardane, rodde eller segla folk gjerne til Bergen når dei skulle handla. Det hende ofte at dei gjekk til byen òg, med ein kalveskrott eller treskosekk på ryggen, for det var ikkje køyrbar veg mellom Os og Bergen.

Samferdsla tok seg kraftig opp då Nesttun-Osbanen kom i drift. Dette var ein smalspora jarnbane som gjekk mellom Nesttun i Fana og Osøyro i Os. Banen vart opna i 1894 og nedlagt i 1935. Han førte mellom anna til at det opna fleire hotell i Os. Utover 1920- og 1930-åra vart det bygd bilveg til Bergen, og trafikken over Bjørnafjorden gjennom Os auka mykje.

Os kommune har ferjesamband sørover frå HalhjemSøre Neset til Sandvikvåg i Fitjar og til VågeTysnes. Austover går det ferje frå Hatvik til Venjaneset i Fusa.

Med sine 18 294 innbyggjarar (1. kvartal 2013) er Os fjerde folkerikaste kommune i Hordaland (bak Bergen, Askøy og Fjell). Innbyggjartalet voks med 2,4 prosent i 2005. Litt over halvparten av dette skuldast tilflytting. I Hordaland er det berre Bergen og Fjell som veks raskare. Kommuneplanen for Os har ei uttrykt målsetjing om ein årleg vekst på 2,5 prosent.

Livssyn og trussamfunn endre

86 prosent av osingane er med i eit trus- eller livssynssamfunn (tal frå 2015). Størst er Den norske kyrkja, med 80 % (2011: 85 %), eller 15 212 medlemar. Dei 68 andre registrerte trussamfunna i kommunen utgjer til saman 6 % av innbyggjarane, eller 1 160 personar, medan 14 %, eller 2 725 innbyggjarar, ikkje har oppgitt noko trussamfunn. Dei som ikkje har ei gudstru og er medlemar i Human-Etisk Forbund eller Humanistforbundet, tel henholdsvis 194 og 5 medlemar. Størst av trussamfunna utanfor det som tidlegare var statskyrkja, er Den romersk-katolske kyrkja.

Historie endre

Det finst mange gravhaugar frå jarnalderen og bronsealderen i Os, og somme av gardsnamna i Os er av ein type som tyder på at her var tidleg fastbuande folk som dyrka korn kan hende fleire tusen år før vår tidsrekning.

I 1146 lét bispen i Bjørgvin byggja eit cisterciensarkloster på garden sin, Lyse i Os. I løpet av 390 år greidde munkane i Lyse kloster å tileigna seg over 200 gardar i Os.

reformasjonen vart innført i 1536, overtok danskekongen eigedomen og la ned klosteret. Nokre år seinare gav han påbod om å riva klosteret. I 1578 vart steinen frå klostermurane ført til Danmark og nytta i Kronborg slott.

Dei fleste bøndene i Os var leiglendingar heilt fram til 1872, då storparten av dei fekk kjøpa gardane dei budde på.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for Os kommune frå 1920:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
3714a 3831a 4993a 5580a 6742a 8162 10874 12781 13972 16684
a Talet omfattar ikkje Bogstrand, som var del av Fusa kommune fram til 1964, då det vart overført til Os kommune. Dette området hadde då 28 innbyggjarar.

Fotnotar endre

  1. «Navn på nye kommuner», Regjeringen.no (på norsk), 3. januar 2020, henta 10. januar 2020 
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd på Os 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre