Osafjorden

Osafjorden er ein fjordarm av Eidfjorden og Hardangerfjorden i Ulvik herad. Fjorden strekkjer seg 12 km nordaustover til Osa og har sjølv ein fjordarm, Ulvikfjorden, som går inn til sjølve Ulvik. Den ytste delen av fjorden heiter Bagnsfjorden.

Osafjorden
fjord
Osa1.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ulvik

Osafjorden
60°30′45″ N 6°55′22″ E
Wikimedia Commons: Osafjorden

Fjorden har innløp mellom Bruravik og Bagnsnes, som Bagnsfjorden er kalla opp etter. Frå Bruravik går det ferje sørover, over Eidfjorden, til Brimnes.

Dei austre delane av tettstaden Ulvik, kalla Øydvinstad, ligg på nordvestsida av Osafjorden.