Oskar

mannsnamn
(Omdirigert frå Oscar)

Oskar og Oscar er mannsnamn brukt i fleire vesteuropeiske kulturar. Namnet er truleg avleidd frå norrønt Ásgeirr ('gud' + 'spyd'), men er best kjend frå irsk mytologi som namnet på sonen til Oisín. Den vestfrankiske forma av namnet er Ansgar.

Namnetrekket til Oscar II av Sverige og Noreg.

Oskar har namnedag den 5. august i Noreg og den 1. desember i Sverige.

Det var i 2007 2 646 som hadde Oskar og 1 643 menn som hadde Oscar som første fornamn i Noreg (SSB). Namnet er også mykje brukt som andre del i namnesamansetjingar (som Karl Oskar).

Skrivemåten med c var vanleg på slutten av 1800-talet, men gjekk ned fram mot 1900, då forma med k blei meir utbreidd. Rundt 1900 fekk opptil 1,3 prosent av alle nyfødde namnet Oskar. Begge namneformene auka i bruk frå slutten av 1990-åra. Ein har hatt ei liknande namneutvikling i Sverige. Dette kan ha samanheng med dei norsk-svenske kongane Oscar I (regjerte 1844–1859) og Oscar II (regjerte 1872–1905/07). Namnet Oscar blei opphavleg teke inn i den svenske almanakken i 1812, for å heidra Oscar (I) Bernadotte.

Kjende namneberarar endre

Regentar endre

Andre endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre