Oscar Torp

norsk politikar
(Omdirigert frå Oscar Fredrik Torp)

Oscar Fredrik Torp (8. juni 18931. mai 1958), fødd på Hafslund i Skjeberg, var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, mest kjend som statsminister i Noreg i perioden 1951 til 1955.

Oscar Torp

Fødd8. juni 1893
Skjeberg
Død1. mai 1958 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
BarnReidar Torp
MedlemVenstrekommunistisk Ungdomsfylking
Alle verv

Oscar Torp hadde ei lang politisk karriere, og svært mange viktige politiske verv. Frå 1923 til 1945 var han leiar for Arbeidarpartiet. Han hadde frå 1935 ei rekkje statsrådverv, først i Regjeringa Nygaardsvold:

Så i Einar Gerhardsen si samlingsregjering

Deretter i Einar Gerhardsen si andre regjering

Oscar Torp vart deretter parlamentarisk leiar i Arbeidarpartiet si stortingsgruppe. Han hadde blitt vald inn på Stortinget frå Oslo alt i 1936, og var vald stortingsrepresentant for Oslo fram til 1949, men hadde aldri møtt som representant - fordi han heile tida hadde vore regjeringsmedlem - før han gjekk ut av regjeringa i 1948.

Sommaren 1948 søkte han, og fekk, stillinga som Fylkesmann i Vestfold, og sa frå seg attval til Stortinget for Oslo. Men Arbeidarpartiet for valkrinsen for byane i Vestfold tilbaud han så førsteplassen på lista til stortingsvalet i 1949, noko han takka ja til, og han tok deretter fatt på ein ny periode på Stortinget.

Den 10. november 1951 bad Einar Gerhardsen overraskande om å få gå av som statsminister. Han foreslo Oscar Torp som sin etterfølgjar, noko som fekk tilslutning, og 19. november 1951 tiltredde han som statsminister. Oscar Torp møtte mange vanskar som statsminister, og han var også etter kvart noko svekka helsemessig. 27. desember 1954, på eit uformelt toppmøte i Arbeidarpartiet, vart det avgjort at Oscar Torp skulle be om avskil, og be Einar Gerhardsen ta over som statsminister igjen. Regjeringsskiftet skjedde deretter den 22. januar 1955.

Oscar Torp vart deretter vald til Stortingspresident, eit verv han hadde til han døydde.

Sjå òg endre

Kjelder endre