Carl Oscar Munthe (12. desember 186125. desember 1952) var ein norsk offiser og krigshistorikar, fødd på Elverum. Han var bror til Hartvig, Gerhard og Margrethe Munthe.

Oscar Munthe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. desember 1861
Elverum
Død

20. desember 1952 (91 år)

Yrke militærhistoriker, biograf
Språk dansk

Oscar Munthe tok eksamen ved Krigsskulen i 1881 og Den militære høgskulen i 1884. Han var frå 1886 premierløytnant i Infanteriet, sidan fekk han opprykk til kaptein 1893, major 1910, oberst 1912 og generalmajor 1924. Han fekk avskil i 1929.

Munthe arbeidde ved Norges Geografiske Oppmåling frå 1892 til 1899. Der etter gjorde han teneste ved Generalstaben frå 1900 til 1910. Han var 1911-12 sjef for Valdres bataljon, 1912-16 sjef for Infanteriregiment nr 6 og 1916-24 sjef for Østfold Infanteriregiment nr 1 og kommandant i Fredrikstad. Til sist var han sjef for 4. divisjon og kommandant på Bergenhus frå 1924 til 1929.

Munthe var interessert i militær historie og skreiv fleire krigshistoriske bøker, mellom anna om Hannibalfeiden, Fredrikshald og Fredrikstens historie inntil 1720 og Den norske Hær inntil 1662. Han underviste ved Krigsskulen frå 1898 til 1916.

Kjelder endre