Oscarsborg festning

59°40′25.788″N 10°36′26.896″E / 59.67383000°N 10.60747111°E / 59.67383000; 10.60747111

Kart over plasseringa i Oslofjorden

Oscarsborg festning ligg i Drøbaksundet like nord for Drøbak. Ute i sundet ligg Kaholmane. På Sønder Kaholmen finn ein Hovudbatteriet med det gamle fortet bak. I vanleg daglegtale er det dette byggverket som blir omtala som Oscarsborg festning. Organisatorisk omfattar Oscarsborg likevel ei rekke fleire anlegg på Nordre Kaholmen, på fastlandet og på Håøya. Det har vore festning på staden i over 350 år. Festninga fekk sitt noverande namn etter eit besøk av kong Oscar I på Kaholmane 23. august 1855.

Oscarsborg er mest kjend for senkinga av den tyske kryssaren «Blücher» den 9. april 1940. I dag er den militære verksemda trappa ned, og festninga er open for sivile. Det er museum, hotell, fleire restaurantar og spa på øya. Kvar sommar er det ulike framsyningar i festninga.

Tidleg historie endre

 
Oscarsborg festning sett frå sørvest.
Foto: Kjetil Lenes

Drøbaksundet har gode, naturlege tilhøve for forsvar av det indre av Oslofjorden. I Christian IV si tid vart det bygd eit blokkhus på Kaholmane som vart fullført i 1643. Festningsanlegga i Drøbaksundet var ikkje i aksjon under krigane mellom Danmark-Noreg og Sverige på 1600- og 1700-talet. I 1785 vart Artilleriets skriverskole etablert på Kaholmen, i vår tid kjend som Befalsskolen for Kystartilleriet. Det har under ulike namn vore utdanna befal til kystartilleriet på Oscarsborg i over 200 år. Under Napoleonskrigane vart festningsanlegga forsterka, både på Kaholmen og på begge sider av fjorden. Den danske prinsen og nyvalde norske konge, Christian Frederik inspiserte anlegget i juni 1814.

I 1845 vart det vedtatt ein plan for vidare utbygging. Overslaget over kostnadene kom på 232 000 spesiedalar, og første byggetrinn var ferdig 20. november 1848. I desember 1852 vart resten av kanonane sett på plass i hovudfortet, og festninga var ferdig i 1853 med totalt 111 kanonar; «derav 73 fuldstore bombekanoner». Hovuddelen av festninga vart bygd etter prinsipp etablert av den franske general Marc René Montalembert. I Norden finn ein tilsvarande festningar i Horten og BomarsundÅland. Festninga vart pga. Krimkrigen mobilisert i desember 1853. 80 artilleristar og et musketarkorps heldt nøytralitetsvakt.

I 1855 vart festninga besøkt av kong Oscar I og kalla opp etter han. Då anlegga stod ferdige i 1856, vart Oscarsborg sett på som Nord-Europas mest moderne festning. Dette ryet vart kortvarig. Alt i 1864 var Oscarsborg forelda. Utviklinga på artilleriets område hadde gått raskt. Det opphavlege anlegget på Kaholmane var berre planlagt til forsvar mot åtak frå sjøsida. Oscarsborg ville derfor lett kunne bli omgått og relativt enkelt bli erobra frå fastlandet ved ein landgang på Nordre Kaholmen.

Modernisering av festninga endre

 
Bilete frå ca 1880-1890, Drøbak sett mot Oscarsborg, i forgrunnen ein dampbåt.

I åra 1874-79 vart det bygd ein «jeté» – ein undervassmur frå Kaholmene, via Småskjær til Hurumlandet. Den tvinga fiendtlege skip til å segle det austre løpet mellom Kaholmane og Drøbak på austsida av fjorden. Muren er ca. 1 500 meter lang og opptil 25 meter høy, øvst er den ca. 4 meter brei. Muren består av store steinblokker som vart sprengd ut på Hurumlandet og frakta ut med lekter. Det vart i 1875 starta arbeid med å utbetre og bygge festningsvollen høgare på framsida det gamle hovudfortet, slik at det kunne bli plass til det nye hovudbatteriet med seks kanonstillingar. Desse var tenkt oppsett med seks 30,5 cm Krupp bakladingskanonar, modell 1877, men det vart berre levert éin innan 1879. Den vart plassert til venstre i vestre del. Krangel om midlar og disponeringar førte til at resten ikkje vart bestilt og levert. Dei to andre stillingane på den vestre delen vart mellombels sett opp med to forelda 26,5 cm Armstrong munnladingskanonar, medan dei tre austre kanonstillingane vart ståande tomme.

På starten av 1890-talet vart det løyvd meir pengar, og Oscarsborg kunne dermed gjennomgå ein ny utbygingsfase.

Torpedobatteriet endre

Eit nytt torpedobatteri vart ferdig i 1901. Det var dette batteriet under kommando av kommandørkaptein Andreas Anderssen som under oberst Birger Eriksen sin kommando gav «Blücher» nådestøyten den 9. april 1940. Torpedobatteriet var unikt i sin konstruksjon, då det bestod av tre utskytingssjakter sprengd ut under havflata. Kvar sjakt var utstyrt med heisrammer som kunne bli ladd med to torpedoar av gongen over vatn og så bli senka ned for avfyring. Torpedorammene kunne dreiast horisontalt slik at utskytingsvinkelen kunne førehandssetjast +/÷ 12,5 gradar for å variere batteriets spreiing. Ved avfyring vart torpedoen sin trykkluftmotor starta og torpedoen gjekk ut for eiga kraft.

Hovudbatteriet endre

 
Den eine av dei tre 28 cm-kanonane som står i hovedbatteriets austre del.
Foto: Krister Brandser

Då ein skulle fylle dei tre tomme plassane i hovudbatteriet, fann ein at neste generasjons kanonar var blitt såpass dyre at ein ikkje lenger hadde råd til same kaliber som ein hadde skaffet tidlegare. Det vart derfor berre kjøpt tre 28 cm-kanonar. Desse var òg produsert av Krupp. Dei første delane kom med dampskip frå Tyskland i februar 1892, men alle kanonene var etter ein serie med ulike hendingar først på plass i mai 1893.

Austre strandbatteri med sine fire originale 16,7 cm palliserkanonar som har stått i batteriet sidan 1878, Austre batteri med originaloppstilling frå 1870-talet, Søndre batteri som er bygd på restane av det gamle søndre batteri frå 1870-åra. I samband med krisa i unionen (Konsulatsaka) vart festninga mobilisert den 10. september 1895 og var i ti dagar fullt oppsett med 760 soldatar. Festninga vart på ny mobilisert i 1905, med ei krigsbemanning på 1 800 soldatar; frå 13. september til 11. oktober.

Under første verdskrig var Noreg nøytralt, og Oscarsborg var bemanna som ein del av nøytralitetsvakta. Organisatorisk låg festninga frå 1853 under Akershus, og frå 1883 var det eigen kommandant busett på Oscarsborg. Inntil 1957 var kystartilleriet og festninga underlagt Hæren. Frå 1957 vart festninga som ein del av kystartilleriet, underlagt Sjøforsvaret.

Dagens festning endre

 
Den gamle kaserna
Foto: Schmidtth

Det militære aktiviteten på festninga er lagt ned og i dag blir Oscarsborg forvalta av Forsvarsbygg nasjonale festningsverk i samarbeid med kommandant Stein Erik Kirknes. Oscarsborg festningsmuseum er ein viktig del av publikumstilbodet på staden (underlagt Forsvarsmuseet) og har ansvaret for den historiske formidlinga og guida turar.

 
Detalj frå Oscarsborg, området rundt den gamle kaserna
Foto: Hofi0006

Oscarsborg festning er eit av Noregs nasjonale festningsverk og er ope for publikum kvar dag heile året, i tillegg til museum og dei originale forsvarsverka er det i dag eit spahotell med 190 sengeplassar, ein kafé med lysstøyperi, ei gjestehamn med hyggeleg hamnekro og årleg 100 000 besøkande gjestar. Oscarsborg er populært som sommarstad i sommarhalvåret og kurs- og konferansestad i vinterhalvåret. Oscarsborgoperaen som setter opp opera i august kvart år er òg viktige bidragsytarar til å sette staden på kartet som kulturarena.

Dei to Armstrong-kanonane som stod i den vestlege delen av hovudbatteriet vart rigga ned og seld som skrap på 1950-talet. På disse standplassane står det i dag to lademekanismar som vart nytta til eksersis.

Den eine 30,5 mm Krupp-kanonen frå 1879 som òg høyrde til den vestlege delen er teken vare på. Han er i dag kjend under namnet «Methusalem», og på løpet av denne ser ein store sår etter beskytninga frå «Lützow» 9. april 1940. Kanonen var teken ut av bruk før 9. april 1940.

9. april 2014 vart Oscarsborg festning freda av Riksantikvaren.

Bakgrunnsstoff endre