Oseansvalefamilien

fuglefamilie
Oseansvalefamilien
Oseanstormsvale Oceanites oceanicus
Oseanstormsvale Oceanites oceanicus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Oseansvalefamilien Oceanitidae

Oseansvalefamilien er ein biologisk familie av pelagiske sjøfuglar som er medlemmer av ordenen stormfuglar.[1] I ein periode, og framtil nyleg, var dette taksonet rekna som ein underfamilie av ein samla stormsvalefamilie, Hydrobatidae.[2]

Skildring endre

 
Maoristormsvala var trudd å vere utdøydd etter 1850, men attfunnen i år 2003. Hekkestader for arten var ukjente fram til i 2013 då det vart lokalisert hekking på Hauturu/Little Barrier Island utanfor Auckland, New Zealand[3]
Sjå òg artikkelen om stormsvaler for utfyllande skildring av morfologi, levevis og leveområde

Maoristormsvala representerer eit gjennomsnitt i storleik for artane i oseansvalefamilien med kroppslengd på 17 centimeter og 35 gram i vekt. Det er berre mindre variasjonar blant artane, dansestormsvale og oseanstormsvale ligg i nedst på skalaen med kroppslengd frå 15 cm, kvitstrupestormsvale er lengst med 24-26 cm.

Samanlikna med artane i stormsvalefamilien, er oseansvalene kortvenga, men har relativt lengre bein som i flukta stikk tydelig bak haletuppen. Ingen i denne familien har kraftig kløfta hale som i stormsvalefamilien, halen har i regelen rett kant, men to artar kan likevel ha svakt kløfta hale.[4]

Fjørdraktfarger

Fleire artar har varierande fjørdrakt, med mørke og lysare populasjonar og einskildindivid. Fregattstormsvale har mykje grått på rygg og overgump, kvitstrupestormsvale saman med fregattstormsvale syner lyse, nesten kvite vengeband på dekkfjører, og i stor grad lys underside, men avvikande, mørke morfar av kvitstrupestormsvaler kan være heilt mørke.[4]

Dei øvrige artane i familien har fjørdrakt med i regelen mørk overside, kvit overgump og med varierande mengd kvitt på undersida og under vengen. Oseanstormsvala har kvit gump, men er elles mykje mørk.

Utbreiing

Artane i denne familien hekkar og lever generelt sør for ekvator, fregattstormsvale er eit unnatak sidan ho òg hekkar på øyar i Nord-Atlanteren.

Truslar og vern endre

Fleire artar i denne familien er trua av menneskeleg aktivitet.[5] Av 9 nolevande artar er 5 klassifiserte som livskraftige, LC, maoristormsvala er kritisk trua og kvitstrupestormsvale er oppført som sterkt trua. I tillegg er to artar så dårleg kjente at dei er oppførte som «mangelfulle data», DD.

Oseansvaler står overfor dei same truslane som andre sjøfuglar, spesielt er dei trua av introduserte artar. Introduserte rovdyr som villkattar er årsak til nedgang. Habitatdegradering som avgrensar hekkeområda årsaka av introduserte geiter og griser er òg eit problem, spesielt viss det aukar konkurransen frå meir aggressive gravande petrellar.

Oversyn artar, status og hekkelokalitetar endre

Oseansvalefamilien i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]

Slekt Artsnamn Vitskapleg namn Status Populasjon Årstal Trend Hekkeplass Ref
Oceanites
Oseanstormsvale Oceanites oceanicus LC 12-30 mill 2004 stabil frå Cape Horn i Chile til Kerguelen-øyane òg kysten av Antarktis [8]
Dansestormsvale Oceanites gracilis DD 30 000 2004 ukjent ukjent, men antatt på små øyar frå nordlege Chile til Galápagosøyane [9]
Pincoyastormsvale Oceanites pincoyae DD 3000 2013 ukjent Chile [10]
Garrodia
Gråryggstormsvale Garrodia nereis LC 200 000 2004 minkande øyar i sørlege hav frå Falklandsøyane austover til Chatham-øyane, New Zealand [11]
Pelagodroma
Fregattstormsvale Pelagodroma marina LC 4 000 000 2004 minkande øyar i Sør-Atlanteren, som Tristan da Cunha, kysten av Australia og New Zealand, i Nord-Atlanteren: Cape Verde, Kanariøyane og Selvagensøyane [12]
Fregetta
Kvitbukstormsvale Fregetta grallaria LC 300 000 2004 minkande øyar på den sørlege halvkula [13]
Svartbukstormsvale Fregetta tropica LC 500 000 2004 minkande øyar på den sørlege halvkula [14]
Maoristormsvale Fregetta maorianus CR < 50 2004 ukjent ukjent, (New Zealand) [15]
Nesofregetta
Kvitstrupestormsvale Nesofregetta fuliginosa EN 1500-2400 2004 minkande øyar i Stillehavet: Kiribati, Fransk polynesia, Ny-Caledonia [16]

Kolonnar i tabellen over:

Status er arten sin kategori i den globale raudlista til Verdas naturvernunion, IUCN
Populasjon er estimert storleik på bestand av individ, inkludert ungfuglar
Ref er peikar til faktaark om arten hos Birdlife International

Kjelder endre

Referansar
  1. Morten Bergan (05.03.2019) Wilsonstormsvalen får nytt norsk navn: oseanstormsvale Henta frå birdlife.no den 14. april 2019
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson. 2018. Updates & Corrections - August 2018 Bolk «pages 13-14, 699, Southern Storm-Petrels Oceanitidae» om godtaking av Oceanitidae som ein ny familie. Henta 25. februar 2019
  3. «New Zealand Storm-petrel discovered breeding 50 km from Auckland City». BirdLife International. 25 February 2013. Henta 27. april 2019. 
  4. 4,0 4,1 Onley, D.; Scofield P. (2007). Albatrosses, Petrels and Shearwaters of the World. Princeton University Press, Princeton, New Jersey. ISBN 978-0-691-13132-0
  5. Søk 'Oceanitidae' i IUCN Raudliste
  6. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2022. IOC World Bird List (v12.1). doi : 10.14344/IOC.ML.12.1 Henta 26. februar 2022
  7. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/
  8. BirdLife International (2022) Species factsheet: Oceanites oceanicus. Henta 26. februar 2022
  9. BirdLife International (2022) Species factsheet: Oceanites gracilis. Henta 26. februar 2022
  10. BirdLife International (2022) Species factsheet: Oceanites pincoyae. Henta 26. februar 2022
  11. BirdLife International (2022) Species factsheet: Garrodia nereis. Henta 26. februar 2022
  12. BirdLife International (2022) Species factsheet: Pelagodroma marina. Henta 26. februar 2022
  13. BirdLife International (2022) Species factsheet: Fregetta grallaria. Henta 26. februar 2022
  14. BirdLife International (2022) Species factsheet: Fregetta tropica. Henta 26. februar 2022
  15. BirdLife International (2022) Species factsheet: Fregetta maorianus. Henta 26. februar 2022
  16. BirdLife International (2022) Species factsheet: Nesofregetta fuliginosa. Henta 26. februar 2022

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oseansvalefamilien