Osensjøen eller Ossjøen er ein innsjø i kommunane Åmot og Trysil i Innlandet. Innsjøen har avløpet sitt gjennom Søre Osa til Rena og Glomma.

Osensjøen
innsjø
Osensjøen sett frå Sørlistøa Fløtermuseum.
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommunar Trysil, Åmot
Høgd over havet 431-438 moh.
Areal 43,64 km²
Største djupn 117 m
Kystlengd1 76,41 km
Koordinatar 61°15′10″N 11°50′45″EKoordinatar: 61°15′10″N 11°50′45″E
Kart
Osensjøen
61°15′10″ N 11°50′45″ E
Wikimedia Commons: Osensjøen
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Ved nordenden av Osensjøen ligg bygda Nordre Osen i Åmot kommune. På vestsida av sjøen ligg Sørlistøa fløtermuseum. I sørenden av sjøen ligg bygda Søre Osen i Trysil Kommune. Størstedelen av arealet ligg i Trysil. På austsida av Osensjøen ligg nokre av dei eldste gardene i området og dei skriv seg frå skogfinnane si innvandring midt på 1600-talet.

Innsjøen er regulert og vert nytta som magasin for Osa kraftverk