Oskar Braaten

norsk forfattar (1881–1939)

Oskar Alexander Braaten (25. november 188117. juli 1939) var ein norsk skjønnlitterær forfattar som skildra arbeidarmiljøet i Oslo i si samtid, og er særleg vidgjeten for skildringane sine av livet til dei kvinnelege tekstilarbeidarane i veveria og spinneria langs Akerselva.

Oskar Braaten

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. november 1881
Christiania
Død

17. juli 1939 (57 år)
Trysil kommune

Yrke manusforfattar, skribent
Oskar Braaten på Commons
Hjula Væverier ved ein foss i Akerselva på Sagene i Oslo var ein viktig kvinnearbeidsplass i si tid, og kan stå som illustrasjon på det miljøet Oskar Braaten henta skildringane sine frå. No hyser desse bygningane kontorarbeidsplassar.

Oskar Braaten vart fødd på Sagene i Oslo, eller Kristiania, som byen heitte den gongen. Foreldre var Berte Marie Olsdatter og blekkslagar Hans Oskar Haakensen; dei var ugifte, og det vart til at mora oppfostra han og systera åleine. Etter å ha gjort unna folkeskulen, arbeida han som visargut før han vart tilsett hjå bokhandlar og antikvar Bertrand Jensen. Her vart han til 1910, då han tok til som fulltidsforfattar. I tillegg var han ei tid sjef for Det norske Teatret i Oslo. Han skreiv både romanar, noveller og mange skodespel, som mellom anna vart synt på Det Norske Teatret. Han skreiv mykje på nynorsk, og frå 1916 på eit dialektprega bokmål. Mange av nynorskbøkene kom seinare ut i bokmålsversjon.

Braaten gifta seg i 1910 med fiolinisten Ragna Aurora (Nanna) Martinsen.

Oskar Braaten døydde i ei trafikkulukke i Trysil den 17. juli 1939 på veg til den hytta han hadde skaffa seg der.

Verkliste endre

  • Du heimen min (drama) 1906
  • Arv (spelstykke i ei vending) 1910
  • Ungen (drama) 1911
  • Stor-Anders (drama) 1912
  • Sorgenfri (drama) 1914
  • Borgen (komedie) 1915
  • Mens hjulene staar og andre fortællinger (noveller) 1916
  • Arven (ei akt) 1917
  • Kammerset (av billedhugger Leo Dürings papirer) 1917
  • Bak høkerens disk (drama) 1918
  • Fabrikken (noveller) 1918
  • Gamlehjemmet Sorgenfri (noveller) 1918
  • Ulvehiet (drama) 1919
  • Matilde (drama) 1920
  • Bams (drama) 1921
  • Tapte slag (noveller) 1922
  • Opover (drama) 1924
  • Den store barnedåpen (drama) 1925
  • Dei kvinnfolka! (drama) 1925
  • Tribunen (drama ) 1925
  • Godvakker-Maren (komedie) 1927
  • Bra mennesker (komedie) 1930
  • I godt selskap (noveller) 1930
  • Prinsesse Terese (drama) 1931
  • Masken (drama) 1933
  • Oslo-fortellinger (noveller) 1935
  • Fugleburet (drama) 1937
  • Norske folkeeventyr for born (eventyr) 1939
  • Sønnafor syd og nordanfor nord (eventyr) 1941
  • Akerselva (dokumentar) 1951
  • Bru over elva (utvalde tekstar v/Robert Grøndahl) 1971
  • Dømd (drama, finst berre i sml. verk?) 1978
  • Hvetebollene (forteljing, fyrste gong publ. i heftet «Jul i Norge» 1920) 1981
  • Fortellinger (kortprosa) 1993

Bakgrunnsstoff endre