Oslo rådhus

(Omdirigert frå Oslo Rådhus)

59°54′42.574″N 10°44′1.1904″E / 59.91182611°N 10.733664000°E / 59.91182611; 10.733664000

Oslo rådhus

ArkitektArnstein Arneberg, Magnus Poulsson
Opna1950
StilFunksjonalisme i arkitektur
Kart
Oslo rådhus
59°54′42″N 10°44′01″E / 59.91167°N 10.73361°E / 59.91167; 10.73361

Oslo rådhus er ein kommunalt eigd representasjons- og adminstrasjonsbygning for Oslo kommune, og er sete for bystyret og byrådet og somme andre kommunale organ. Rådhuset er dessutan nytta til ei mengd arrangement og seremoniar heile året i kommunal og ikkje-kommunal regi; mellom anna går den årlege utdelinga av Nobels fredspris føre seg her.

Bygningen er ikkje berre viktig i den norsk arkitektursoga, men i norsk kunstsoge i det heile, ettersom det er snakk om eit av dei største kunstneriske prosjekta som har vore gjennomført her i landet. Ein rad av samtidas biletkunstnarar og skulptørar var engasjert i å smykke ut bygningen innvendig og utvendig.[1]

Plassering endre

Oslo rådhus ligg i det sentrumsstrøket i byen som vert kalla Vika, innerst i ei vik av Oslofjorden som har namnet Pipervika. Mellom sjøen på sørsida og rådhuset ligg det ein stor open plass, Rådhusplassen, som framhev det monumentale ved bygningen. Men det er på nordsida, mot Fridjof Nansens plass, at hovudinngangen er plassert. Frå sørsida kjem ein inn i dei lokala som bykassa hadde i si tid, og som no vert nytta til informasjonskontor for Oslo kommune og til utstillingslokale. Her vert det mellom anna halde temporære kunstutstillingar med verk av notidskunstnarar.

Historie endre

Rådhuset vart bygd i 1931–1950 etter teikningar av arkitektane Arnstein Arneberg og Magnus Poulsson.[2] Det er oppført i armert betong, kledd med raud, handbanka teglstein som vart laga særskilt for denne bygningen. Mot nord reiser det seg i to tårnliknande kontorbygningar som kvar er 63 og 66 meter høge. Det austre av desse tårna har eit oppbygg med eit klokkespel med 49 klokker, som spelar ein stutt melodi kvar heile time og slår dei naudsynte slaga kvart kvarter og ved heil time for eit stort tårnur mot Rådhusplassen på sørsida.[1]

Allereie i 1918 vart arkitektane Arneberg og Poulsson peika ut som vinnarar av ein stor konkurranse for rådhuset, men byggearbeidet kom ikkje i gang på grunn av skort på pengar. I tida som fylgde, endra arkitektane utkastet sitt mykje, og det endelege framlegget dei la fram i 1930 hadde fått eit sterkt funksjonalistisk preg. Dei to store tårna med kontor var då kome til som eit resultat av dei funsjonalistiske ideane.[2]

Grunnsteinen vart lagt ned i september 1931 med Kong Haakon VII og kronprins Olav til stades, men sjølve byggearbeidet kom ikkje i gang før i februar 1933. I november 1936 var råbygget reist, og somme av kontoretasjane kunne takast i bruk før krigen braut laus her i landet i 1940. Fyrst etter krigen kunne arbeidet fullførast, og kontora vart tekne i bruk i 1947. Arbeidet med å smykke ut interiøret og eksteriøret var ikkje ferdig før seinare, men rådhuset var klårt til å verte offisielt innvigd 15. mai 1950 i samband med at Oslo by feira 900-årsjubileum for grunnlegginga av byen. (Femti år seinare, i år 2000, fann byen det rett å feire 1000-årsjubileum som by.)

Rådhuset vart reist i eit tettbygd område. Heile strøket var rive og erstatta med ein helt nyregulert bydel i samband med at rådhuset vart bygd.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Oslo byleksikon, side 479
  2. 2,0 2,1 Oslo rådhus - et norsk overgangsmonument frå Oslo kommune

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Oslo rådhus