Oslo byfutembete var ein fyrsteinstansdomstol i Oslo som blei slegen saman med Oslo tingrett 26. april 2021. Domstolen hadde lokale i Oslo tinghus. Etter samanslåinga er alle tingrettane i Noreg fullfaglege.

Oslo byfutembete hadde i hovudsak fylgjande saksområde: Mellombels åtgjerd og arrest, konkurs, gjeldsordning, felleseie- og dødsbuskifte og tvangssaker. Domstolen utførte også notarialforretningar.

Historikk endre

Oslo byfutembete var ein spesialdomstol, den siste av sitt slag i landet. Tidlegare var det byfutembete i mange norske byar. I 1947 var det tolv i talet.[1] Før Oslo byfutembete var byfutembeta i Stavanger (1. juli 2007),[2] Bergen (1. september 2006)[3] og Trondheim (1. januar 2003)[4] dei siste som blei slegne saman med tingrettane i dei respektive byane.

Med om lag 60 tilsette var Oslo byfutembete lenge den tredje største fyrsteinstansdomstolen i Noreg. Domstolen var eit nasjonalt kompetansesenter for andre domstolar på saksfelta sine.

Frå 1. januar 2006 blei Namsmannen i Oslo overført frå Oslo byfutembete til politi- og lensmannsetaten. Namnet blei endra til Namsfuten i Oslo.

19. mai 2006 blei oppgåvene knytta til tinglysing av fast eigedom overført frå Oslo skifterett og byskrivarembete til Statens kartverk.

Oslo byfutembete blei slege saman med Oslo skifterett og byskrivarembete i 2006, og så igjen med Oslo tingrett i 2021. Ved nedlegginga hadde byfuten eksistert i over 700 år.

Inga Merethe Vik var den siste sorenskrivaren i Oslo byfutembete.

Kjelder endre

  1. «Byfogder - Endringshistorie - Forvaltningsdatabasen - NSD», www.nsd.no, henta 26. april 2021 
  2. «Arkivportalen», www.arkivportalen.no, henta 26. april 2021 
  3. siden, Del; ut, Skriv, «Domstolkartet forandres i Hordaland og Rogaland», Norges Domstoler (på norsk), henta 26. april 2021 
  4. «Årsrapport Domstolene i Noreg 2003» (PDF).