Opna hovudmenyen

Oslo politidistrikt er det største politidistriktet i Noreg. Det har over 2 300 tilsette; 1 700 av desse er polititenestemenn, nær 140 er politiadvokatar og 500 er sivilt tilsette. Distriktet dekkjer 454 km² og tener 590  041 innbyggjarar (april 2010).

Oslo politidistrikt
Politihuset.jpg
TypePolitidistrikt
VirkefeltOslo
Skipa1744/1745
PolitimeisterHans Sverre Sjøvold[1]
HovudkontorPolitihuset i Oslo
Tilsette1544 (2013)[2]
Nettsidewww.politi.no

Oslo politidistrikt har flerie oppgåver av nasjonal karakter og utgjer eit eige budsjettkapittel i statsbudsjettet.

Politibil i Oslo i 2007.
Foto: J.P. Fagerback

Politidistriktet har (i 2018) sju politistasjonar som står for politioppgåver i nærmiljøet. Det har også spesialseksjoner for etterforsking av alvorleg kriminalitet.

Innhaldsliste

OrganisasjonEndra

 
Sentrum politistasjon
Foto: J.P. Fagerback

Som ledd i Politireformen i Noreg i 2015 blei Oslo politidistrikt slått saman med Asker og Bærum politidistrikt 1. januar 2016. Justisministeren avgjorde at det samanslåtte Oslo politidistrikt skulle vera organisert likt som ande politidistrikt i Noreg:[3]

Felles einingar:

  • Felles eining for operativ tjeneste
  • Felles kriminaleining
  • Felles eining for etterretning og etterforsking
  • Felles eining for førebygging
  • Felles eining for påtale
  • Felles eining for utlending og forvaltning
  • Felles eining for sivil rettspleie (namsfogd)
  • Felles eining for nasjonale bistandsressursar

Politidistriktet har 3 geografiske einingar:

I tillegg har distriktet ein kommunikasjonsstab, ein HR- og HMS-stab, ein virksomhetsstyringsstab og ein internrevisjonsstab.

Havnepolitiet er ansvarleg for kriminalitet på øyene i Oslofjorden (innanfor Oslo kommune) og fartøy på veg til Oslo.

Seksjonen for organisert kriminalitet etterforskar alvorlege narkotikasaker og ranssaker, Seksjon for Vold- og seksualforbrytelser tek for seg drapssakar og seksualbrotsverk, medan Finans- og miljøkrimseksjonen etterforskar alvorlege former for økonomisk kriminalitet. Seksjon Trafikk- og sjø består mellom anna av Trafikkorpset og Havnepolitiet og har spesialkompetanse på straffbare handlingar knytte til trafikk i hovudstaden på landjord og vatn. Leiinga for alle spesialseksjonane ligg i Politihuset i Grønlandsleiret 44 i Oslo.

Etterforskinga er formelt leia av politiadvokatar som høyrer til påtalestyresmakta.

HistorieEndra

 
Politifolk i Oslo i 1908.
Foto: Anders Beer Wilse
 
Den gamle politistasjonen i Møllergata 19.
Foto: Kjetil Ree

Frå 1866 til 1978 heldt Oslo politikammer til i Møllergata 19. I 1978 flytta hovudkvarteret til Politihuset i Grønlandsleiret 44. I 1998 skifta det namn frå Oslo politikammer til Oslo politidistrikt.

Nedlagde politipostarEndra

Under politimester Killengreen og Gjengedal blei det i perioden 1995-2007 oppretta og lagt ned fleire politipostar i Oslo.[4]

  • Youngstorget politipost (1995-1996)
  • Hovseter politipost (1997-1998)
  • Romsås politipost (1996-2003)
  • Furuset politipost (1997-2004)
  • Holmlia politipost (1985[5]- årsskiftet 2017/2018)[5][6][7]
  • Oslo S politipost (1987-2007, 2009- allerede nedlagt i 2018)[5][4][8][9]

PolitimeisterarEndra

Christiania fekk sin første politimeister i 1744, Mathias Hansen Stub.[10]

Christiania/KristianiaEndra

 
«Svartemarje» i 1952.
 
Politibil i Oslo ca. 1980. «Svartemarja»[11] er eit navn på denne modellen òg
Foto: Rolf Thoresen
 
Politibåt i Oslofjorden.

AkerEndra

OsloEndra

KjelderEndra

  1. Politidistriktets ledelse
  2. Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase
  3. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2016-08-26. Henta 24. august 2016. 
  4. 4,0 4,1 Engh, Christine. «Politipostene forsvinner». Aftenposten 8. mai 2007, Osloby. Web. 3. mars 2014.
  5. 5,0 5,1 5,2 https://www.politiforum.no/artikler/den-siste-utposten/432700 Vitja 2018-05-03
  6. Haugsvær, Nicoline. «Onkel blå på fritidsklubb». Aftenposten 21. desember 2013, Osloby. Web. 3. mars 2014.
  7. Haugen, Anette. «Nærkontakt med ungdom». Natteravnene Gatelangs #4 2012. Web. 3. mars 2014. (www.natteravnene.no)
  8. Sulland, Stig Kalsæg. Granbo, Kristin. «Politiposten på Oslo S gjenåpnes» NRK 1. juli 2008, Østlandssendingen. Web. 3. mars 2014.
  9. Regjeringen Stoltenberg II. «Politiposten på Oslo S åpnet». Regjeringen 10, juli 2009. Web. 3. mars 2014
  10. 10,0 10,1 Mathias Hansen Stub, Norsk Biografisk Leksikon
  11. https://snl.no/Svartemarja
  12. 12,0 12,1 Kristiania Politis Historie, 1624-1884 s. 59
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 For lov og rett, Oslo politikammer 250 år (Arne Bonde) s25
  14. Kristiania Politis Historie, 1624-1884 s. 87, 89.
  15. Kristiania Politis Historie, 1624-1884 s89
  16. For lov og rett, Oslo politikammer 250 år (Arne Bonde) s27-28
  17. For lov og rett, Oslo politikammer 250 år (Arne Bonde) s. 28.
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 18,4 I hht «politimestergalleri» på veggen i gangen i 7.de etasje i polithuset i Oslo
  19. SNL: Jørgen Gjerdrum
  20. Kristiania Politis Historie, 1624-1884 s163++
  21. SNL: Carl Fougstad
  22. 22,0 22,1 For lov og rett, Oslo politikammer 250 år (Arne Bonde) s31
  23. 23,0 23,1 I hht «politimestergalleri» på veggen i gangen i 7.de etasje i polithuset i Oslo. I «For lov og rett, Oslo politikammer 250 år» (Arne Bonde) er han på side 35 omtalt som etterfølgjaren til Michelet, som «kom i 1883», jfr s 36.
  24. Generalløytnant Peter Sofus Marius Elias Beichmann
  25. For lov og rett, Oslo politikammer 250 år (Arne Bonde) s. 36.
  26. Johan Søhr, Norsk Biografisk Leksikon
  27. 27,0 27,1 NorgesLexi om Kristian Welhaven
  28. 28,0 28,1 For lov og rett, Oslo politikammer 250 år (Arne Bonde) s. 37 flgr.
  29. NorgesLexi om Bernhard Askvig
  30. Hvem er hvem 1973
  31. Rolf Solem, Store Norske Leksikon
  32. «Organisasjonskart med navn på ledere for: Oslo politidistrikt – overordnet nivå». juli 2017. Henta 3. mai 2018. 

BakgrunnsstoffEndra