Oswald Heer

Fødd31. august 1809
Uzwil
Død27. september 1883
Lausanne
NasjonalitetSveits
Områdepaleobotanikk, geologi, entomologi
Yrkekurator, paleontolog, entomolog, botanikar, geolog, universitetslærar, skribent
InstitusjonarUniversitetet i Zürich
Eidgenössische Technische Hochschule Zürich
Alma materMartin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
Universitetet i Zürich
DoktorgradsrettleiarErnst Friedrich Germar
Christian Ludwig Nitzsch
Kurt Sprengel
MedlemDeutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Kungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
Det ungarske vitskapsakademiet

Oswald Heer (31. august 180927. september 1883) var ein sveitsisk botanikar, entomolog og paleontolog.

Som entomolog studerte Heer spesielt funn frå dei artsrike funnstadane Oeningen i Sveits og Radoboj i Kroatia, begge frå miocen, og frå Aix-en-Provence i Frankrike (oligocen). Han publiserte Die Insektenfauna der Tertiärgebilde von Oeningen und Radoboj in Kroatien (1847-53) og Über die fossilen Insekten von Aix in der Provence (1856). Ueber einige Insektenreste aus der raetischen Formation Schonens (1879) omhandla Skåne i Sverige. Die Urwelt der Schweiz (1864) er ein vid og nokså omfattande gjennomgang av det som til då var kjent om den geologiske historia i landet og fossilfunn. Store delar av dei paleontologiske samlingane til Heer vert i dag teke vare på i den geologiske samlinga ved Eidgenosse Technische Hochschule i Zürich.

Kjelder endre