Oswald Veblen
amerikansk matematikar
Oswald Veblen (fødd 24. juni 1880 i Decorah i Iowa i USA, død 10. august 1960) var ein amerikansk matematikar, geometikar og topolog. Arbeida hans vart utnytta i atomfysikken og relativitetsteorien. Han beviste Jordans kurveteori i 1905.
Oswald Veblen | |
![]() | |
Fødd | 24. juni 1880 Decorah |
---|---|
Død | 10. august 1960 Brooklin |
Nasjonalitet | USA |
Område | geometri, topologi |
Yrke | matematikar, topolog, universitetslærar |
Institusjonar | Princeton University Institute for Advanced Study |
Alma mater | Harvard University University of Chicago University of Iowa |
Doktorgradsrettleiar | E. H. Moore |
Medlem | National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab Royal Society of Edinburgh Accademia Nazionale dei Lincei |
Forfedrane hans kom opphavleg frå Noreg. Han hadde ein doktorgrad ved universitetet i Chicago i 1903. Han arbeidde mest med geometri. Han vart òg æresdoktor ved Universitetet i Oslo.
Han skreiv òg nokre bøker. Mellom anna skreiv han Projective geometry som kom ut i 1910. Han har òg skrive Foundations of defferential geometry som kom ut i 1932.
UtgjevingarEndra
- Projective geometry med John Wesley Young (Ginn and co., 1910-1918)
- Introduction to infinitesimal analysis; functions of one real variable med N. J. Lennes (John Wiley & Sons, 1907)
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Oswald Veblen» frå Wikipedia på bokmål, den 17. september 2011.