Achille Émile Othon Friesz (6. februar 187910. januar 1949) var ein fransk postimpresjonistisk målar og formgjevar.

Othon Friesz

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 6. februar 1879
Le Havre
Død

10. januar 1949 (69 år)
Paris

Yrke kunstmålar, lærar
Språk fransk
Othon Friesz på Commons

Friesz var fødd i Le Havre, der han kom frå ei lang rad av skipperar og skipsbyggjarar. I skuletida møtte han Raoul Dufy, saman studerte det to i 1895-96 på ein kunstskule i Le Havre. Seinare flytta dei til Paris der dei vart kjende med Henri Matisse, Albert Marquet og Georges Rouault. Ei tid måla han som fauvistane, og stilte ut med dei i 1907. Året etter reiste han tilbake til Normandie der han skaffa seg eit eige atelier og tok mot elevar. Ved krigsutbrotet i 1914 verva han seg og deltok gjennom heile verdskrigen. Etter krigen busette han seg i Paris og budde der til han døydde i 1949. Han slutta å nytte dei bjarte fargene til fauvistane, vende i staden tilbake til ein meir tradisjonell og sober palett.

Kjelder endre