Otrøya
(Omdirigert frå Otrøya i Romsdal)
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Otterøya.
Otrøya er ei øy i Molde kommune i Møre og Romsdal fylke. Vest på øya ligg tettstaden Midsund som har brusamband til Midøy. Hovudnæring er fiske og verkstader for fiskeflåten. Øya har eit areal på 75,5 km².
Otrøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Romsdal |
Koordinatar | 62°43′38″N 06°48′06″E / 62.72722°N 6.80167°E
|
Areal | 75,5 km²
|
Høgaste punkt | Oppstadhornet (737 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Møre og Romsdal |
Største busetnad | Midsund (590 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 1631[a] (2024) |
Folketettleik | 21 /km² |
Midfjorden, ein del av Romsdalsfjorden, ligg på sørsida av øya, medan Grunnefjorden ligg på nordsida.
Otrøya var del av Aukra kommune fram til 1924, Sør-Aukra kommune frå 1924 til 1965, så Midsund kommune fram til den vart slått saman med Molde i 2020.
1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2024[3] |
---|---|---|---|
516 | 985 | 1573 | 1631 |
Merknadar
endreKjelder
endre- ↑ Folketeljing 1801 for Aukra prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Aukra herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.