Ottar Nicolai Grønvik (21. oktober 191615. mai 2008) var ein norsk runeforskar og filolog.[1]

Ottar Grønvik
Fødd21. oktober 1916
Bydel Nordre Aker
Død15. mai 2008
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områderuner, nordistikk
Yrkelingvist, filolog, runologist, universitetslærar, germanist
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Grønvik tok magistergrad i samanliknande germansk språkvitskap i 1946 og vart dr.philos. i 1981. Grønvik arbeidde frå 1946 ved Universitetet i Oslo, med undervising innanfor ei rekkje emne relatert til tysk og germansk språkvitskap.[1] Frå 1959 var han universitetslektor og frå 1965 var han førsteamanuensis i tysk ved Germanistisk institutt ved Universitetet i Oslo.[2]

Han gav ut ei rekkje viktige vitskaplege bidrag til runeforskinga. Særleg viktig er doktorgradsarbeidet hans om runane på Tunesteinen, tolkinga av Rökinnskrifta og boka om Eggjasteinen.[3] I tillegg skreiv han ei stor mengd mindre arbeid. Han heldt fram med forskingsarbeidet sitt også etter at han gjekk av med pensjon som 70-åring.[1]

I ein artikkel om nissen argumenterer Grønvik for at ordet nisse ikkje er ei fornorsking av St. Nicolas (Niels på dansk) slik ein tidlegare har trudd. Han argumenterer for at det stammar frå gammalnorsk, og at det er eit ord på ein avliden forfar. Hans tolking går ut på at trua på den tradisjonelle norske fjøsnissen stammar frå førestillingar om at garden vert passa på av dei avlidne i familien.[4]

Grønvik budde heile livet på Kjelsås i Oslo. Han var gift med Inger Gaute-Knudsen, og hadde fire barn.[5][1]

Ottar Grønvik mottok Nansenmedaljen for fremragende forsking i 1994.[6]

Bibliografi endre

  • Ottar Grønvik: Runene på Tunesteinen. Oslo 1981. ISBN 82-00-05656-2.
  • Ottar Grønvik: Fra Ågedal til Setre. Universitetsforlaget 1987. ISBN 82-00-18436-6
  • Ottar Grønvik: Fra Vimose til Ødemotland : nye studier over runeinnskrifter fra førkristen tid i Norden. Universitetsforlaget Oslo 1996. ISBN 82-00-22701-4
  • Ottar Grønvik: Runene på Eggjasteinen : en hedensk gravinnskrift fra slutten av 600-tallet. Oslo Universitetsforlaget 1985. ISBN 82-00-07426-9
  • Festskrift til Ottar Grønvik på 75-årsdagen. Oslo Universitetsforlaget 1991. ISBN 82-00-07550-8
  • Ottar Grønvik: Der Rökstein – über die religiöse Bestimmung und das weltliche Schicksal eines Helden aus der frühen Wikingerzeit. Frankfurt am Main Peter Lang 2003. ISBN 3-631-51249-x
  • Ottar Grønvik: Håvamål – studier over verkets formelle oppbygning og dets religiøse innhold Oslo Det norske videnskaps-akademi 1999. ISBN 82-90888-27-9.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Artikkel: Minnetale over dr.philos. Ottar Grønvik». www.dnva.no. Henta 6. februar 2016. 
  2. Myrvoll, Klaus Johan (26. februar 2020). «Ottar Grønvik». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. «KulturOrgan Skadinaujo | Ottar Grønvik». Arkivert frå originalen 21. februar 2016. Henta 27. februar 2016. 
  4. Ottar Grønvik (1997). «Nissen». Maal og Minne 1997: 129–48. 
  5. «Studentene fra 1935 : biografiske opplysninger, artikler og statistikk samlet til 25-års jubileet september 196 - Nasjonalbiblioteket». Henta 27. februar 2016. 
  6. «Priser». nansenfondet.no. Henta 10. april 2021.