Ottar Lie (5. mars 18961. mars 1943) var ein norsk jarnarbeidar, politikar og motstandsmann, fødd i Løten i Hedmark.

Ottar Lie

Fødd5. mars 1896
Løten, Noreg
Død1. mars 1943 (46 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti
Yrkepolitikar, Smed

Lie var eldste son til ein kjelsmed busett i Løten. Han fekk sjølv jarnarbeid til yrke. Tidleg engasjerte han seg i arbeidarrørsla, frå 1917 til -19 var han formann i Samorganisasjonen i Løten. Deretter var han 1921-23 styrar for Samorg-kontoret i Hamar og sekretær i Det norske Arbeidarpartiet. Då partiet kløyvde seg hausten 1923, slutta Lie seg til Norges Kommunistiske Parti. Frå 1927 var han partisekretær i NKP og medlem i sentralkomiteen. Under den tyske okkupasjonen av Noreg frå sommaren 1940 var Lie mykje aktiv i motstandsrørsla. Han «vart arrestert etter eldkamp med Gestapo» og skoten i Trandumskogen.

Snublestein for Ottar Lie i Oslo

Kjelder endre