Ottawa er hovudstaden i Canada og den fjerde største byen i landet, grunnlagt i 1855 og hadde i 2021 om lag éin million innbyggjarar. Byen ligg i provinsen Ontario ved breidda av elva Ottawa som er grensa mot provinsen Quebec. Byen er tospråkleg, og det vert snakka både fransk og engelsk her. Byen er ein av dei mest vutja byane i Canada, med over 11 millionar besøkande i 2018.[2][3]

Ottawa
by
Det kanadiske parlamentet i Ottawa.
Flagg
Motto: Advance Ottawa/ Ottawa en avant (Framåt, Ottawa)
Kallenamn: Bytown
Land  Canada
Provins Ontario
Del av Ottawa–Rideau, National Capital Region
Høgd 70 m
Areal 2 778,64 km²
Folketal 1 017 449 (2021)[1]
Grunnlagd 1826
Tidssone EST (UTC-5)
 - Sommartid EDT (UTC-4)
Postnummer K0A, K1A-K4C
Retningsnummer 613 og 343
Kart
Ottawa
45°25′29″N 75°41′42″W / 45.424722222222°N 75.695°W / 45.424722222222; -75.695
Wikimedia Commons: Ottawa

Ottawa har to universitet, Universitetet i Ottawa og Carleton-universitetet. Frå 2000-talet har byen utvikla seg til eit senter for høgteknologi.

Kultur

endre
 
Canadian War Museum.

Ottawa huser sju nasjonale museum, som National Arts Centre, National Gallery of Canada, Canadian Museum of History og Canadian War Museum.[4]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Ottawa
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.