Otto Løvenskiold

norsk politikar
(Omdirigert frå Otto Joachim Løvenskiold)

Otto Joachim Løvenskiold (14. mai 18114. august 1882) var ein norsk dommar og politikar. Han var stortingsrepresentant og ordførar i Kristiania og var høgsterettsdommar frå 1854 og livet ut. Severin Løvenskiold var faren hans, Carl Otto Løvenskiold sonen hans.

Otto Løvenskiold

Otto Joachim Løvenskiold måla av Asta Nørregaard
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mai 1811
Skien kommune
Død

4. august 1882 (71 år)
Christiania

Yrke dommar, politikar
Språk norsk
Far Severin Løvenskiold
Mor Sophie Hedevig komtesse Knuth
Ektefelle Julie Caroline Helene Wedel Jarlsberg, Eleonore friherreinne von und zu Mansbach
Otto Løvenskiold på Commons

Løvenskiold var fødd på Fossum verk ved Skien. Han vart student frå latinskulen i Skien i 1828. Etter å ha fullført sine juridiske studiar i 1834 var Løvenskiold advokatfullmektig hos to høgsterettsadvokatar, perioden 1835-40 var han elles ofte konstituert stiftsoverrettsassessor. Frå 1840 arbeidde han som protokollsekretær i Høgsterett. I 1846 var han auditør i artilleribrigaden, og året etter ekspedisjonssekretær i finans- og tolldepartementet. År 1854 vart han utnemnd til assessor i Høgsterett.

Løvenskiold var 1856 medlem av ein norsk-svensk kommisjon om mellomrikshandelen og ein norsk-svensk komite om mellomrikske tolltilhøve. Han var 1864-68 ein av dei leiande i det skandinaviske selskap. Frå 1881 var han preses i Selskabet for Norges Vel, og i ei tid formann i Norsk Jeger- og Fiskerforbund.

I perioden 1869-76 var Løvenskiold ordførar i Christiania.

Åra 1871-79 representerte Løvenskiold krinsen Christiania, Hønefoss og KongsvingerStortinget. Han, i rekkefylgje vart vald til høvesvis 3., 2. og 1. representant. Alle sesjonane var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen. I 1873 var han med i deputasjonen til kongekryninga i Stockholm. Han fekk i byrjinga av 1870-åra tilbod om å verte statsråd, og i 1877 om å verte høgsterettsjustitiarius. Begge gongane sa han nei, grunna si interesse for politisk aktivitet.

Løvenskiold døydde på eigedomen sin Lille-Frogner ved Kristiania i 1882.

Kjelder endre