Otto Løvenskiold
Otto Joachim Løvenskiold (14. mai 1811–4. august 1882) var ein norsk dommar og politikar. Han var stortingsrepresentant og ordførar i Kristiania og var høgsterettsdommar frå 1854 og livet ut. Severin Løvenskiold var faren hans, Carl Otto Løvenskiold sonen hans.
Otto Løvenskiold | |
![]() Otto Joachim Løvenskiold måla av Asta Nørregaard | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. mai 1811 Skien kommune |
Død |
4. august 1882 (71 år) |
Yrke | dommar, politikar |
Språk | norsk |
Far | Severin Løvenskiold |
Mor | Sophie Hedevig komtesse Knuth |
Ektefelle | Julie Caroline Helene Wedel Jarlsberg, Eleonore friherreinne von und zu Mansbach |
Otto Løvenskiold på Commons |
Løvenskiold var fødd på Fossum verk ved Skien. Han vart student frå latinskulen i Skien i 1828. Etter å ha fullført sine juridiske studiar i 1834 var Løvenskiold advokatfullmektig hos to høgsterettsadvokatar, perioden 1835-40 var han elles ofte konstituert stiftsoverrettsassessor. Frå 1840 arbeidde han som protokollsekretær i Høgsterett. I 1846 var han auditør i artilleribrigaden, og året etter ekspedisjonssekretær i finans- og tolldepartementet. År 1854 vart han utnemnd til assessor i Høgsterett.
Løvenskiold var 1856 medlem av ein norsk-svensk kommisjon om mellomrikshandelen og ein norsk-svensk komite om mellomrikske tolltilhøve. Han var 1864-68 ein av dei leiande i det skandinaviske selskap. Frå 1881 var han preses i Selskabet for Norges Vel, og i ei tid formann i Norsk Jeger- og Fiskerforbund.
I perioden 1869-76 var Løvenskiold ordførar i Christiania.
Åra 1871-79 representerte Løvenskiold krinsen Christiania, Hønefoss og Kongsvinger på Stortinget. Han, i rekkefylgje vart vald til høvesvis 3., 2. og 1. representant. Alle sesjonane var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen. I 1873 var han med i deputasjonen til kongekryninga i Stockholm. Han fekk i byrjinga av 1870-åra tilbod om å verte statsråd, og i 1877 om å verte høgsterettsjustitiarius. Begge gongane sa han nei, grunna si interesse for politisk aktivitet.
Løvenskiold døydde på eigedomen sin Lille-Frogner ved Kristiania i 1882.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- 1. Aschehougs konversasjonsleksikon, H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo 1949
- Biografisk informasjon om Otto Løvenskiold NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv