Oval
Ein oval (frå latin ovum = egg) er ein figur forma som eit egg eller ein ellipse. Ovalen kan vere todimensjonal eller tredimensjonal. Til skilnad frå kurver i matematikken er ikkje ein oval veldefinert, og kan ikkje nødvendigvis teiknast ved hjelp av formlar.
Denne eggforma ovalen har berre ein symmetriakse (den horisontale).
Det som kjenneteiknar todimensjonale ovalar, er at dei har jamne[n 1], konvekse kurver og er symmetriske om minst ein akse. Tredimensjonale ovalar kan uttrykkast som lekamar danna ved rotasjon av ein todimensjonal oval om (den lengste) symmetriaksen.
Sjå ògEndra
FotnotarEndra
- ↑ Matematisk uttrykt er kurvene kontinuerleg deriverbare (C1); sjå glatt funksjon
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Oval» frå Wikipedia på bokmål, den 12. september 2011.