Ouverture

(Omdirigert frå Overture)

Ouverture (fransk for 'opning' eller 'forspel') er eit musikkstykke som vanlegvis er skrive som eit orkesterforspel til ein opera, skodespel eller anna dramatisk verk.[1] Ouverturen består ofte av sitat frå resten av musikken i operaen, musikalen eller skodespelet (eit døme er ouverturen til Elverhøi av Kuhlau). Men ein del ouverturar er tematisk heilt frittståande, som Mozart sin ouverture til Figaros bryllup og Rossini sin til Barbereren i Sevilla. Ein del ouverturar er også skrivne som sjølvstendige verk, som 1812-ouverturen til Tsjajkovskij.

Ouverturen til Figaros bryllup av Mozart. Spelt inn av Wiener Philharmoniker dirigert av Erich Kleiber.
Ouverturen til Egmont av Beethoven, skriven til eit skodespel av Goethe.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «Overture | music», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 13. januar 2021 
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.