Pål Jacobsen

norsk fotballspelar

Pål Jacobsen (fødd 20. mai 1956) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Hamar, som spelte 42 landskampar og skåra 13 mål for Noreg. Han spelte på Hamarkameratene til 1980, Vålerenga 1981-84 og på ny for Hamkam 1985-86. Midtbanespelaren Tom Jacobsen er ein eldre bror.

Pål Jacobsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. mai 1956 (67 år)
Molde kommune
Idrett fotball

Klubbspel endre

Midtspiss Jacobsen debuterte på Hamarkameratene våren 1973, knapt 17 år gammal. Etter at han hadde vore med på det tredje opprykket til 1. divisjon Hamarkameratene i 1980, melde han overgang til osloklubben Vålerenga. I sin fyrste sesong på Vålerenga vart han seriemeister og med 16 mål toppskårar i serien. Også i 1983 og 1984 vann Jacobsen seriegull med Vålerenga. Totalt skåra han 82 mål i 1. divisjon. Frå 1985 var han atter Hamkam-spelar, men ein alvorleg akillesskade førte til at han la opp i 1986.

Landslagsspel endre

Jacobsen fekk sin landslagsdebut i ein bortekamp mot Finland våren 1975, eit oppgjer som enda med norsk siger 5-3. Sitt fyrste av 13 landslagsmål putta han då Noreg vann 3-2 over Sverige i ein VM-kvalifiseringskamp 22. september 1976. Hans største stund på landslaget kom 21. august 1980, på Ullevaal stadion i Oslo skåra han dei to fyrste og to siste måla då Noreg vann 6-1 over Finland. Etter 1948 er det einast Pål Jacobsen og Harald Hennum som har skåra fire mål for Noreg i ein og same landskamp, Hennum gjorde det då Noreg sigra 6-5 over Aust-Tyskland i 1958.

Merittar endre

  • Seriemeister: 1981, 1983 og 1984 med Vålerenga
  • Tapande cupfinalist: 1983 med Vålerenga

Kjelder endre