Pål Løytnantsdreng

Pål Knutson Løytnantsdreng (17861867) var ein sentral og stilskapande norsk spelemann frå Nore i Numedal.[1][2]

Pål Løytnantsdreng
Fødd1786 (234 år)
Verka sommusikar

Pål var son av Knut Halvorson Øyanhaugen og Astri Gundersdotter frå Nore i Numedal.[1] Knut var spelemann og hadde tent hos ein løytnant i sine unge år og fekk difor tilnamnet Lytmannsdrengen («Løytnantsdrengen»). Dette tilnamnet gjekk i arv til dei fire sønene. Dei var alle spelemenn.[3]

Pål var mykje i lag Knut Lurås,[3] og var soleis ein av dei fyrste som førte spel frå Telemark inn i numedalstradisjonen. På grunn av samværet mellom Luråsen og Løytnantsdrengen finst det og mykje sams spel i Tinn og Numedal. Knut Dale fortalde om Pål:

«Han hadde kolende svart hår og so krulla, det va som det va brent. So var han ein fæl pratmaker, sat skravla og rødde og spela. Han var au slåstkjempe og hadde fengi skamskori fingren sin so han brukte sylvholk på han for å kunne spela.»

Namnet hans er knytt til gangaren «Slik spela Pål», som var spela av mellom anna Steingrim Haukjem og Johannes Dale. Han skal og ha laga springaren «Vegglijenta».[2][3]

Pål utvandra til Amerika i 1842 og reiste rundt og spela for dei utvandra sambygdingane sine.[4][3] Han døydde i Amerika i 1867.[2]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 T.K. Loftsgard (1973). Nore og Uvdal i forn og nye, Del 1, bd. 2, s. 1996. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Profilar», www.folkedans.com, henta 4. januar 2020 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Tov Flatin (1939). Gamalt frå Numedal VII. 
  4. Nore og Uvdal i forn og nye. Del 1, bd. 5, s. 1997. 1973.