Påskeegg er dekorerte egg og eggforma pynt eller mat laga i samband med påske. Dei kan vera alt frå etande hønseegg eller sjokoladeegg til hole pynteegg av ei rekke ulike materiale, frå tre, papp og plastikk til glas, porselen og gull. Påskeegg blir brukte som påskepynt, til ulike leikar, og ikkje minst som påskemat. Egga har røter i både jødisk, heidensk og kristen tradisjon, og symboliserer framfor alt nytt liv.

Ulike ukrainske påskeegg.
Foto: Luba Petrusha
Norske påskeegg måla med vassfargar og hengde i greiner.

Egg som påskesymbol endre

 
Rissa polsk påskeegg med haremotiv. Aust-Europa har ein lang påskeeggtradisjon.

Egg er eit urgammalt symbol for nytt liv og grøde. Verda blei skapt eller klekt frå eit egg i fleire opphavsmyter, og egg er tradisjonelt blitt gjevne som gåve til nyfødde. Den gule plomma i egget kan stå for sola som gjev varme og liv om våren. Våren er også årstida då fuglar legg egg, og var tradisjonelt tide då høns tok til å verpa igjen etter vinteren.

Egg er blitt brukte i samband med vårhøgtider frå gammalt av, mellom anna i gammal slavisk tradisjon, der pynta egg fungerer som ein slags talisman for det nye året, persisk nyttår, der farga egg står som symbol for verda og lukke, og jødisk pesah, der ein dypper eit hardkokt egg i saltvatn under sedermåltidet som symbol på nytt liv og på feiringa i Tempelet i Jerusalem.

Den kristne kyrkja hadde også tidleg eit forbod mot å eta egg under fasten, eller i det minste den stille veka. Egg som blei lagde i denne tida blei tekne vare på og ofte pynta, til dømes farga raude, til minne om blodet Jesus ofra på krossen eller som eit uttrykk for gleda over oppstandinga hans. Med sitt løfte om liv innanfor skalet har egg i kristen tradisjon blitt ståande for gjenoppståinga til Jesus. Dei tre elementa — skal, plomme og kvite — som utgjer eit egg er også blitt sett på som eit symbol for treeininga.

Pynting av egg endre

Døme på naturlege fargestoff
Fargestoff Gjer egget
blåbær blått
gras, spinat grønt
gulltorn lysegult
gurkemeie, safran gult
kaffi brunt
laukskal gult (brunt ved lengre koking)
raudlaukskal, raudbete raudlilla
skjoldlus raud

Mange land har utvikla skikkar med å pynta egg til påske. Medan det er vanlegast å bruka hønseegg til dette, kan ein også pynta egg frå til dømes and og gås til påske. Egg kan fargast i fargebad, målast eller få mønster ved hjelp av voks, stensilar, forsiktig skraping i skalet eller ved at ein limer på dei småting. Ein kan pynta heile egg, gjerne medan ein hardkoker dei eller etterpå, og eta dei seinare, eller la dei tørka inn. Det er også vanleg å stikka hol i egg, blåsa ut innmaten, og dekorera dei. Slike egg kan hengast opp til pynt.

Den enklaste måten å pynta egg på er å koka dei saman med fargegjevande matvarer eller konditorfarge. Dette er vanleg å gjera med egg som skal etast, medan ein bruker meir forseggjorte måtar med pynteegg. Slike egg kan også fargast med fargar som ikkje er etande.

Ein kan nytta ulike måtar for å få fram meir mønster enn éin enkelt farge. Laukskal surra rundt egget gjev ujamn farging som skaper mønster. Tråd, klede eller teip rundt egget kan gjera at visse område får liten eller ingen farge. Å pressa eit blad eller ein blome mot eggeskalet gjev eit lyst omriss av gjenstanden på det farga egget. Ulike former for voks, som bivoks, kan brukast til å skapa innvikla mønster på denne måten, på same måte som ved batikk-farging av klede.

Ein kan også pynta egget etter at det er kokt eller utan å koka det, til dømes ved å ved å måla det, rissa i skalet slik at ein får fram kvite mønster eller skrift, eller overføra farge frå væta papir (til dømes krepp- eller silkepapir) som farger av. Egg kan også pyntast med småting som band, glitter, paljettar, tøy og papir.

Pynteegg endre

Svært fint dekorerte egg blir gjerne tekne vare på som påskepynt i staden for å etast. Det blir også laga imitasjonsegg av mange ulike materiale med det same føremålet. Både egg som skal etast seinare og andre egg kan leggast til pynt i ei skål. Blåste egg og imitasjonsegg kan også hengast opp etter ei snor, gjerne i tre eller greiner.

Imitasjonsegg kan lagast både som folkekunst og av profesjonelle. Dei best kjende juveléregga blei laga av Fabergé-huset for det russiske kongehuset mellom 1884 og 1917.

Godteegg endre

 
Innpakka sjokoladeegg.
Foto: Lotus Head

Påskeegg har også sterkt samband til godteri, særleg gjennom at ungar leiter etter dei påskemorgon og får eta godt som løn. Opphavleg var det gode ein åt sjølve egget. Etterkvart er eggeinnhaldet blitt bytta ut med smågodt, som då gjerne blir lagt inni eit papp- eller plastegg, eller sjølve egget er blitt til sjokolade eller marsipan forma som egg. Nokre sjokoladeegg er så forseggjorte at dei like gjerne kan kallast pynt enn mat.

Eggtradisjonar endre

 
Foreldrelause ungar går frå hus til hus og ber om egg i påsken. Skildring frå Nürnberg på 1800-talet.

Eggemat er sterkt knytt til påsken. Ein et særleg hardkokte og gjerne dekorerte egg. Til dømes et ein grønfarga egg på skjærtorsdag i Tyskland ; i Hellas et ein blodraude egg påskedag. Det finst retter, som den spanske hornazo av kokte egg, som tradisjonelt blir etne ved påsketider. Nordmenn et dobbelt så mange egg til dagen i påskeveka som elles.[1]

Pynta egg blir gjevne som gåver i mange land, mellom vener, familie eller kjærastar. I Noreg var det vanleg for jenter når dei gjekk til kyrkja påskeafta, å bera egg gøymd på kroppen, gjerne mellom brysta, som kjærasten deira kunne få eller få lov til å finna. I fleire europeiske land var det vanleg at ungar gjekk på dørene og bad om egg. I England sa dei i samband med dette eit vers om at «Jack o' Lent» var død, og kunne gjera ugagn om dei ikkje fekk nokre egg.

Det finst fleire leikar knytte til egg som blir feira rundt påske. Ein utbreidd skikk er å kakka hardkokte egg mot kvarandre og sjå kven som står igjen med eit heilt egg. I gresk tradisjon utfører ein kakkinga medan ein seier «Christos anesti!» — Kristus er oppstått.

Ein britisk tradisjon er å rulla egg ned bakkar eller strender til dei sprekk; dette er blitt mindre vanleg i etterkrigstida, men skjer fortsatt i stor til i Preston og Derby. I USA utfører ein eggeløp på flatmark, der ein dytter egg bortover med ei skei. Sidan 1878 har ein halde årlege eggeløp på plenen utanfor Det kvite huset.

Ein annan vanleg tradisjon er ein gøymeleik der ungar leiter etter påskeegg i ein hage eller eit anna naturområde, eller innomhus. Ein kan leita etter eitt egg fylt med godteri, eller fleire mindre sjokoladeegg eller liknande. Dette kan igjen vera ei tevling der det er om å gjera å finna flest egg. Egga skil seg ut frå omgjevnadane gjennom klare fargar. Det er også utvikla påskeegg som lager lyd for at svaksynte også skal kunne mora seg med å leita etter dei.

Forteljingar om påskeegga endre

 
Kanin med påskeegg.

Ofte seier ein at det er påskeharen som har lagt igjen dei uvanlege egga. Denne er først dokumentert i Tyskland etter reformasjonen, men kan ha eldre opphav som fruktbarheitssymbol — haren skal ha hatt samanheng med gudinna Ostara, som òg er knytt til påsken. Tyske utvandrarar tok med seg skikken til USA, der haren blei til ein kanin. Det finst også andre skikkar om kven som kjem med påskeegg. I Westfalen er det ein rev og i Sveits ein gauk, medan ein i norsk tradisjon også har ei påskehøne.

Det finst fleire ulike legender som forklarer kvifor ein bruker egg for å feira påska. Ein av dei går ut på at Jomfru Maria gav egg til dei romerske soldatane som krossfesta Jesus og bad dei vera mildare. Tårene hennar fall på egga og gav dei vakre flekkar i fleire fargar.

I andre historier blir Maria Magdalena knytt til egga. I ein av dei kom ho til Jesus si grav for å stella kroppen hans. Ho har med seg ei korg med egg til niste. Då ho kom fram til grava og såg på egga var dei blitt regnbogefarga. Eit liknande under skal ha hend då ho ville fortelja den romerske keisaren Tiberius at Kristus var gjenoppstått. Keisaren lo av henne og sa det ho fortalde var like truleg som at det kvite egget ho heldt i handa skulle bli raudt. I same augneblink fekk egget denne fargen.

Ei forteljing frå det vestlege Ukraina seier at verda skal fortsetja så lenge folk held på tradisjonen med påskeegg. Dersom dei sluttar med dette, skal ein forferdeleg orm, som til nå har vore lenka fast, øydeleggja verda. Kvart år sender han ut tenarar for å sjå kor mange pysanky (påskeegg) som er blitt laga. Dersom det er få, lausnar lenkene hans litt. Dersom det er mange, blir dei strammare, og det gode vinn over det vonde i nok eitt år.

Påskeeggsamling endre

Alt arbeidet og omtanken som blir lagt ned i å lage påske-egg, fører også til ei interesse for å samle dei vakraste eksemplara til seinare. Påske-egg er også kjend som nokre av verdas mest kostbare antikvitetar. Årlege utstillingar av dekorerte egg har vore arrangert ulike stadar i Noreg sidan 1993 i fleire større byar. Foreininga Tårnseilerne laga ei utstilling til 100-års jubiléet til Norsk Folkemuseum i 1994, kalla 1001 egg, som blei vist i Kunstindustrimuseet i Trondheim, i Grieghallen

Anna endre

Påskeegg, eller «Easter Eggs» på engelsk, blir også brukt om gøymde skattar i programvare, videospel, DVD-ar og liknande media, i form av uventa, gjerne underhaldande tillegg.

Kjelder endre

  1. Tall og fakta om egg, arkivert frå originalen 12. oktober 2006, henta 14. mars 2008 

Bakgrunnsstoff endre