PEG-impregnering vert brukt til å konservere vått arkeologisk trematriale. Metoden vert særleg brukt til å ta vare på båtvrak.

PEG, polyetylenglykol, er ein voks som er løyseleg i vatn. For tredelane vert lagde i voksløysing vert dei til vanleg reingjorde, og dokumentert ved oppmåling og fotografering. PEG-imregnering tek lang tid. Det vert starta med lav prosentdel PEG i vatnet, gjerne 10%. I trecellene vert vatnet gradvis erstatta med voks. Etter kvart aukar ein vokskonsentrasjonen i impregneringsbadet, gjerne med 10% kvar 6 månad.

Når voksinnhaldet i treverket er høgt nok, kan det tørke uten at det misser fasongen. Peg-ompregnert trevirke vert mørkt og tungt, og har voksaktig overflate. Overflatevoks kan fjernast med varmluft.

Om PEG-imprgneringa vert avslutta med lavare PEG-konsentrasjon, kan treverket frysetørrast. Ved frysetørring sublimerar isen direkte til vassdamp. Trestykka vil då halde på forma. Frysetørring under atmosfæriske forhold går svært sakte. I vakuum gar det snøggare.

Ved konservering av Lovundbåten og Gjellestadskipet har ein brukt PEG.

Kjelder

endre
  • Ann Kristin Klausen: Lovundbåten . Middelalderfartøyet som gjenoppsto i KYSTEN, utgåve 4 – 2024