Pan European Game Information

(Omdirigert frå PEGI)

Pan European Game Information (PEGI) er eit system for aldersmerking av dataspel som blir brukt i Europa. Det er utvikla av Interactive Software Federation of Europe (ISFE) og vart nytta for fyrste gong i april 2003. PEGI-systemet blir i dag brukt i over 30 land, inkludert Noreg.

Pan European Game Information

Skipa2003
HovudkontorBrussel
Nettstadhttps://www.pegi.info Sjå dette på Wikidata
Etiketten for spel som inneheld stygt språk.

PEGI-systemet bruker fem etikettar for å merkja dataspel etter kva aldersgruppe dei kan eigna seg for:

Etikettane ligg både på fram- og baksida av omslaget til dataspelet. Aldersmerkinga tek ikkje omsyn til vanskegraden i eit dataspel. Den noverande designen på etikettane vart introdusert i slutten av 2009, der kvart aldersmerke fekk fargekodar. Aldersgrensene 3 og 7 har grøn bakgrunn, 12 og 16 har gul og 18 har raud. Før dette hadde alle aldersmerka svart bakgrunn.[1] I Portugal kom systemet for aldersensur av filmar i konflikt med standardmodellen til PEGI, og to av alderskategoriane hjå PEGI vart følgjeleg endra i Portugal; 3 (endra til 4) og 7 (endra til 6).

I 2008 var 50% av spela som PEGI har vurdert merkte med aldersgrensa 3. 10% var merkte 7, 24% var merkte 12, 12% var merkte 16 og berre 4% var merkte 18.[2]

I tillegg til aldersetikettane finst det òg spesifikke etikettar for ulike typar innhald i dataspel som kan verka støytande, til dømes vald, erotikk og grovt språk.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. www.pegi.info/no, arkivert frå originalen 23. august 2009, henta 7. august 2009 
  2. www.pegi.info/no/index/id/352/, arkivert frå originalen 29. oktober 2012, henta 7. august 2009 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pan European Game Information