Ein pH-indikator er eit fargestoff som har den eigenskapen at det skiftar farge, anten mellom to ulike fargar eller mellom ein farge og blankt, ved ein særskild pH-verdi – den såkalla pKI-verdien (omslagspunktet) – eller i eit intervall rundt denne verdien (omslagsintervall). Denne eigenskapen kan brukast til å måla om pH-verdien i ei løysing ligg over eller under omslagspunktet til indikatoren.

pH-indikatorar kan ofte skaffast i oppløyst form med dropeteljar til bruk i små prøver, eller avsett på såkalla pH-papir som kan dyppast i prøver av ulik storleik. Nokre døme på pH-indikatorar er metylfiolett (gult/blålilla, pKI=0,8), metyloransje (raudt/gult, pKI=3,7), lakmus (raudt/blått, pKI=6,4), bromtymolblått (BTB) (gult/blått, pKI=6,8) og fenolftalein (klar/rosa, pKI=9,1).

Dei fleste indikatorar skiftar farge berre ved eitt punkt eller intervall, og kan berre brukast for å skilja mellom løysingar som er over eller under denne pH-verdien. Ein kan som regel ikkje måla kor langt over eller under det er snakk om. Men jo smalare omslagsintervallet er, jo nøyaktigare kan ein skilja mellom løysingar på kvar si side av omslaget. Visse indikatorar skiftar farge ved to ulike verdiar eller intervall og kan såleis vera litt meir anvendelege, men ulempa er gjerne at fargeskifta hos desse indikatorane er mindre brå (omslagsintervalla er breiare) enn hos dei vanlege indikatorane.

For å løysa problemet med avgrensa bruksområde for kvar indikator inneheld ofte pH-papir ei blanding av fleire ulike indikatorar, slik at det kan skifta mellom fleire fargar etter kvart som pH-verdien endrast. Det følgjer ein fargeskala med pH-papiret som ein kan samanlikna med etter prøvetaking og finna det rette pH-området.

Sjå også endre