Paavo Puurunen

Paavo Puurunen (fødd 28. august 1973 i Kuhmo i Kajanaland) er ein finsk skiskyttar.

Paavo Puurunen
Fødd 28. august 1973 (47 år)
Kuhmo
Yrke skiskyttar, Grensevakt

Puurunen har drive med skiskyting sidan han var ni år gamal, og har no begynt så smått som trenar òg. Han jobbar ellers som snikkar.

Puurunen har vore med i verdscupen sidan 1995/96-sesongen. Den beste sesongen hans samanlagt var 1997/98-sesongen då han kom på 13. plass samanlagt. Han vann sitt einaste verdscuprenn i Pokljuka i 2001, i sjølvaste verdsmeisterskapen, på 20 km. Den einaste andre verdscupmedaljen hans, ein bronse på jaktstart, kom òg i VM, i Khanty-Mansijsk i 2003. I OL i Torino i 2006 tok han fjerdeplass på fellesstarten, det beste olympiske resultatet hans. Puurunen er ein mann for store anledningar, i vanlege verdscuprenn har han aldri kome betre enn 6. plass. Han la opp etter 2005/06-sesongen.

Kortfatta merittlisteEndra