Johann Pachelbel

(Omdirigert frå Pachelbel)

Johann Pachelbel (døypt 1. september 1653 i Nürnberg i Tyskland, død 3. mars 1706 i Nürnberg) var ein kjend tysk komponist, organist og lærar. Han komponerte mange verk og var gjennom arbeidet sitt i stor grad med på å definere barokken.

Johann Pachelbel
Fødd1. september 1653
FødestadNürnberg i Tyskland
Død9. mars 1706 (52 år)
DødsstadNürnberg i Tyskland
FødenamnJohann Pachelbel
OpphavTyskland
PeriodeBarokken
SjangerKammermusikk, klavermusikk
Instrumentorgel
Verka somKomponist og organist
BornAmalia Pachelbel, Carl Theodorus Pachelbel, Wilhelm Hieronymus Pachelbel
Pachelbel sin signatur på eit brev frå 1695 til bystyresmaktene i Gotha

Bakgrunn endre

Pachelbel vart fødd inn ein luthersk middelklassefamilie der faren Johann (Hans) Pachelbel (fødd 1613 i Wunsiedel) var vinhandlar. Sjølve fødselsdagen er ikkje kjent, men sidan han vart døypt 1. september, må det ha vore i dei siste dagane i august. Han fekk tidleg musikalsk opplæring, av musikaren Heinrich Schwemmer, som seinare vart kantor i St. Sebaldus kyrkja (Sebalduskirche). Det er truleg at han òg fekk undervisning av Georg Caspar Wecker, komponist og organist ved den same kyrkja, men dette er ikkje heilt klart i kjeldene. Uansett var begge viktige inspirasjonskjelder, begge hadde utdanninga si frå Johann Erasmus Kindermann, ein av grunnleggarane av musikktradisjonen i Nürnberg og som sjølv hadde vore elev av Johann Staden.

Pachelbel skal tidleg ha vist sjeldne musikalske og akademiske evner. Han fekk skulegangen sin ved St. Lorenz Hauptschule og Auditorio Aegediano i Nürnberg og frå juni 1669 var han student ved Universitetet i Altdorf, der han òg vart organist i St. Lorenz-kyrkja same år. Økonomiske vanskar tvinga han til å måtte forlate universitetet etter eit knapt år. Han fekk derimot stipend i 1670 ved Gymnasium Poeticum i Regensburg då skulestyresmaktene var imponerte over evnene og kvalifikasjonane hans, slik at han vart teken opp utanfor det vanlege opptaket til skulen. Han fekk òg høvet til å ta undervisning utanfor skulen av Kaspar Prentz, som sjølv hadde var student av Johann Kaspar Kerll og det er truleg at det var gjennom Prentz at Pachelbel utvikla interessa si for samtidig italiensk musikk og katolsk kyrkjemusikk.

Tilsetjingar endre

 
Sebalduskirche i Nürnberg

Ved sidan av virket sitt som komponist, var Pachelbel tilsett som organist i

Ettermæle endre

 
Gravstaden til Pachelbel på Rochuskirchhof i Nürnberg

Musikken til Pachelbel var særs kjend i levetida hans; han hadde mange elevar og musikken hans vart ein modell for komponistane i det sørlege og sentrale Tyskland. Han er i dag best kjent for Kanon i D-dur, sjølv om denne ikkje er så representativ for resten av verka hans.

Musikken til Pachelbel var hovudsakleg inspirert av sør-tyske komponistar som Johann Jakob Froberger og Johann Kaspar Kerll, dei italienske musikarane Girolamo Frescobaldi og Alessandro Poglietti.

Som ein komponist seint i barokken, hadde ikkje Pachelbel så stor innverknad på den vidare utviklinga innan denne retninga og på seine barokkomponistar som Georg Friedrich Händel, Domenico Scarlatti eller Georg Philipp Telemann. Men han hadde innverknad på Johann Sebastian Bach indirekte då den unge Johann Sebastian fekk opplæring av bror sin Johann Christoph Bach som hadde vore elev av Pachelbel. I tidlege koralar av Bach kan ein finne spor etter Pachelbel, men nordtyske komponistar som Georg Böhm, Dietrich Buxtehude og Johann Adam Reincken har nok vore viktigare i den musikalske utviklinga til Bach.

Pachelbel var den siste store komponisten frå musikktradisjonen i Nürnberg og den siste viktige sørtyske komponisten. Innverknaden hans har derfor gått mest gjennom elevane hans, som Johann Christoph Bach, Johann Heinrich Buttstett, Andreas Nicolaus Vetter og dei to sønene Wilhelm Hieronymus og Carl Theodorus. Den siste vart ein av dei første europeiske komponistane som flytta til koloniane i Amerika og slik fekk Pachelbel ein indirekte innverknad på den tidlege utviklinga av amerikansk kyrkjemusikk.

Medan mykje barokkmusikk vart gløymt etter at denne retninga vart fortrengt utover på 1700-talet, har Pachelbels Kanon i D-dur overlevd gjennom hundreåra og har etter 1970-åra vorte særs kjend for eit stort publikum som eit av dei mest gjenkjennelege klassiske verka. Det er spelt inn i mange versjonar og vert framleis framført ofte. Dette nummeret har hatt ein stor innverknad òg innan dagens populærmusikk.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Johann Pachelbel

Notar endre