Pacific Ocean Blue

Pacific Ocean Blue
Studioalbum av Dennis Wilson
Språk engelsk
Utgjeve 22. august 1977
Innspelt 1971 («River Song»), 12. februar 1975 til 22. mars 1977 i Brother Studios i Santa Monica i California
Sjanger Rock,[1] pop[1]
Lengd 37:15
Selskap Caribou
Produsent Dennis Wilson, Gregg Jakobson
Dennis Wilson-kronologi 
Pacific Ocean Blue Bambu (The Caribou Sessions)
(2017)
Singlar frå Pacific Ocean Blue
  1. «River Song»
  2. «You and I»

Pacific Ocean Blue er det einaste soloalbumet den amerikanske musikaren Dennis Wilson gav ut medan han levde. Wilson var medlem i The Beach Boys.[2] Då albumet kom ut i august 1977 fekk det god kritikk,[3] og selde betre enn Beach Boys sine eigne album på denne tida.[4] Det vart gjeve ut to singlar frå albumet, «River Song» og «You and I», men ingen av dei selde godt nok til å gå inn på singellista.

Albumer er framleis midtpunktet i ettermælet til Wilson,[5] og vert i dag rekna som ein «klassikar».[2][6][7][8] Wilson meinte å spele inn ein oppfølgjar, kalla Bambu, men albumet var enno ikkje ferdig då han døydde i desember 1983.[5][9]

Bakgrunn og innspeling endre

Etter fleire forsøk på gje ut sitt eige album frå 1970 og frametter, spelte Wilson inn det meste av Pacific Ocean Blue i løpet av hausten 1976 og den påfølgjande våren etter i studioet til The Beach Boys, Brother Studios. Under innspelinga hadde det harde livet Wilson leve byrja å påverke utsjånaden og røysta hans, som no vart grovare og hesare, men likevel djupt sjelful.[3][10]

Med-produsent på albumet var Gregg Jakobson som fortalte om tida dei arbeidde på albumet: «Dette var når han fullt ut aksepterte seg sjølv som artist. Brian hadde vist han nokre akkordar på pianoet, men etter kvart som han vart meir dugande, var ikkje musikken som kom fram eit resultat av det. Det å ha sitt eige studio var særs nyttig for han. Med litt oppmuntring, og dei rette reiskapane, tok Dennis av.»[11]

Reaksjonen til Brian då han høyrte dei første miksane av albumet til Dennis var «Dennis, det er funky! Det er funky[12]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [1]
Bloomberg L.P.    [13]
PopMatters          [14]
Pitchfork Media8.5/10 (nyutgåve)[15]
The A.V. ClubA-[16]
Robert Christgau (Legacy Edition)[17]
Uncut     [18]
Rolling Stone     [19]
Spin     [20]
MusicHound3/5[21]

Albumet kom ut i august 1977 og fekk god kritikk for den musikalske djupna og kjensla.[3] Sjølv om Brian Wilson hylla albumet då det kom, skal Wilson i eit intervju i 2008 ha nekta for å ha kjend til at Dennis spelte inn eit album.[9][22] Albumet selde ikkje godt i USA, med kring 200 000 eksemplar og ein 96. plass på albumlista som høgaste plassering. Det låg 12 veker på Topp 200.[23][24] Dei skuffande salstala ti plata, kombinert med den stadig meir upålitelege oppførselen til Wilson, førte til at plateselskapet trakk attende støtta til ein liten planlagt turné på Vestkysten for å marknadsføre albumet.

Lovord endre

Albumet finst på fleire «beste album»-lister[25] og er mellom anna med i Robert Dimery-boka «1001 Albums You Must Hear Before You Die[26] og Mojo-listene «Lost Albums You Must Own» (tapte album du bør eige)[27] og «70 av dei beste albuma frå 1970-åra».[28] I 2005 vart det rangert på 18. plassen på lista til GQ over «Dei 100 kulaste albuma i verda akkurat no».[29]

Seinare utgjevingar endre

Det vart gjeve ut på CD av Caribou/CBS Records i 1991, men forsvann ut av opplag etter berre eitt år[3] på grunn av usemje om opphavsretten. Albumet var så praktisk talt ikkje mogeleg å få tak i dei nesten 15 åra. Eksemplar av den ekstremt sjeldne CD-utgåva frå 1991 blir seld for høge summar (over 200 amerikanske dollar).[7][30]

Legacy Recordings gav ut ei spesialutgåve i høve 30-årsjubileet den 17. juni 2008. Dette var ei dobbeltplate med heile Pacific Ocean Blue[31] og songar frå innspelinga til Bambu.[8][32] Ei avgrensa 180-grams vinylutgåve i ein plateboks kom òg ut på Sundazed.[7][33]

Denne spesialutgåva inneheld songen «Holy Man», som var spelt inn for Pacific Ocean Blue i 1977, i to verrsjonar. Wilson hadde gjort ferdig akkompagnementet, men aldri sunge inn ein vokal han var nøgd med, og sletta originalopptaket. Derfor vart Taylor Hawkins frå Foo Fighters henta inn for å synge songen i same stil som Wilson.

Den originale utgåva frå 1977 gjekk aldri inn på UK Album Chart, men denne nye, utvida utgåva av Pacific Ocean Blue gjekk inn på den britiske albumlista på ein 16. plass. Albumet nådde òg femteplassen på VG-lista i Noreg.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«River Song»Dennis Wilson, Carl Wilson3:44
2.«What's Wrong»D. Wilson, Gregg Jakobson, Michael Horn2:22
3.«Moonshine»D. Wilson, Jakobson2:27
4.«Friday Night»D. Wilson, Jakobson3:09
5.«Dreamer»D. Wilson, Jakobson4:22
6.«Thoughts of You»D. Wilson, Jim Dutch3:02
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Time»D. Wilson, Karen Lamm-Wilson3:31
2.«You and I»D. Wilson, Lamm-Wilson, Jakobson3:25
3.«Pacific Ocean Blues»D. Wilson, Mike Love2:39
4.«Farewell My Friend»D. Wilson2:26
5.«Rainbows»D. Wilson, C. Wilson, Stephen Kalinich2:55
6.«End of the Show»D. Wilson, Jakobson2:55

30-årsjubileumsutgåva endre

Disk ein: Pacific Ocean Blue
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«River Song»Dennis Wilson, Carl Wilson3:44
2.«What's Wrong»D. Wilson, Gregg Jakobson, Michael Horn2:23
3.«Moonshine»D. Wilson, Jakobson2:27
4.«Friday Night»D. Wilson, Jakobson3:10
5.«Dreamer»D. Wilson, Jakobson4:23
6.«Thoughts of You»D. Wilson, Jim Dutch3:04
7.«Time»D. Wilson, Karen Lamm-Wilson3:32
8.«You and I»D. Wilson, Lamm-Wilson, Jakobson3:25
9.«Pacific Ocean Blues»D. Wilson, Mike Love2:37
10.«Farewell My Friend»D. Wilson2:26
11.«Rainbows»D. Wilson, C. Wilson, Stephen Kalinich2:48
12.«End of the Show»D. Wilson, Jakobson2:57
13.«Tug of Love»D. Wilson, Jakobson3:44
14.«Only with You»D. Wilson, Love3:57
15.«Holy Man»D. Wilson3:57
16.«Mexico»D. Wilson5:31
Disk to: Bambu (The Caribou Sessions)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Under the Moonlight»Carli Muñoz3:55
2.«It's Not Too Late»Muñoz4:22
3.«School Girl»D. Wilson, Gregg Jakobson2:31
4.«Love Remember Me»D. Wilson, Jakobson, Stephen Kalinich4:04
5.«Love Surrounds Me»D. Wilson, Geoffrey Cushing-Murray3:40
6.«Wild Situation»D. Wilson, Jakobson2:41
7.«Common»D. Wilson3:34
8.«Are You Real»D. Wilson, Jakobson3:38
9.«He's a Bum»D. Wilson, Jakobson2:50
10.«Cocktails»D. Wilson, Jakobson, John Hanlon3:00
11.«I Love You»D. Wilson, Jakobson2:02
12.«Constant Companion»Muñoz, Rags Baker3:22
13.«Time for Bed»D. Wilson, Jakobson3:07
14.«Album Tag Song»D. Wilson3:45
15.«All Alone»Muñoz3:44
16.«Piano Variations on «Thoughts of You»»D. Wilson3:03
17.«Holy Man» (Taylor Hawkins-versjonen)D. Wilson, Jakobson, Taylor Hawkins4:25

Medverkande endre

  • Dennis Wilson — Solo-, kor og harmonivokal, piano, Hammondorgel, ARP String Ensemble, Moog Taurus, Minimoog, Clavinet, Rhodes piano, trommer, perkusjon, bassmunnspel, tuba på «Dreamer», elektrisk fiolin på «Time», lapsteelgitar på «Farewell My Friend», bratsj og cello på «Tug of Love»; arrangements
  • Carli Munoz — Cembalo på «Mexico», perkusjon; produsent
  • Carl Wilson — Solo- og rytmegitar, kor og delvis solovokal
  • Bruce Johnston — Korvokal og vokalarrangement på «End of the Show»
  • Hal Blaine — Trommer på «What's Wrong»; basstromme på «You and I»
  • Joe Chemay — Korvokal
  • Chuck Domanico — Bass
  • Ricky Fataar — Trommer, tamburin på «Holy Man»
  • John Hanlon — Lydteknikar; sologitar på «Dreamer»
  • Gregg Jakobson — Produsent; korvokal
  • James Jamerson — Bass
  • Earle Mankey — Gitar; lydteknikar
  • Dean Torrence — Korvokal
  • Billy Hinsche — Rytmeguitar, korvokal
  • Trisha Roach — Korvokal
  • Baron Stewart — Korvokal
  • Jim Dutch — Korvokal
  • Karen Lamm-Wilson — Korvokal
  • Robert Lamm — Korvokal på «What's Wrong»
  • Gayle Levant — Harpe på «End of the Show»
  • Stephen Moffitt — Sjefslydteknikar
  • Michael Andreas — Alt-, tenor- og barytonsaksofon; fløyter; klarinett
  • Lance Buller — Trombone, trompet
  • Sterling Smith — ARP String Ensemble og Moog Taurus på «Mexico»
  • Tommy Smith — Trommer
  • Dave Hessler — Bass
  • Ed Carter — Solo- og rytmegitar, bass
  • Mort Klanfer — Bass på «You and I»
  • Bobby Figueroa — Trommer; conga på «You and I»
  • Wayne Tweed — Bass
  • Manolo Badrena — Perkusjon
  • Janice Hubbard — Obo
  • Bill Lamb — Trompet, kornett, trombone
  • Charles McCarthy — Tenor og barytonsaksofon
  • Eddie Tuleja — Solo-, rytme- og slidegitar; banjo og mandolin på «Rainbows»; korvokal
  • Sid Sharp — Strykeensemble
  • Alexander Hamilton's Double Rock Baptist Choir
Per Craig Slownski[34][35]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 http://www.allmusic.com/album/mw0000314145
  2. 2,0 2,1 Haggerty, Dan. «Beach Boys' Dennis Wilson's Solo Album To Be Reissued». 411mania. Arkivert frå originalen 1. juni 2008. Henta 8. mars 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Tony Sclafani. «Sea of Heartbreak: Dennis Wilson's Majestic Solo Work». PopMatters. Arkivert frå originalen January 5, 2008. Henta 8. mars 2018. 
  4. Mehr, Bob. «Buried Treasure». American Airlines' American Way. Arkivert frå originalen May 26, 2009. Henta 8. mars 2018. 
  5. 5,0 5,1 Abbott, Kingsley. «Songs in the Key of Sea». Mojo. Henta 8. mars 2018. 
  6. «The Lonely One». London: Observer Music Monthly. Arkivert frå originalen December 24, 2007. Henta 8. mars 2018. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Cohen, Jonathan. «Wilson's 'Ocean' Set For Expanded Reissue». Billboard. Arkivert frå originalen December 6, 2009. Henta 8. mars 2018. 
  8. 8,0 8,1 «Beach Boys Star's Classic Solo Album To Be Reissued». NME. Arkivert frå originalen March 14, 2008. Henta 8. mars 2018. 
  9. 9,0 9,1 Doe, Andrew. «Pacific Ocean Blue». danaddington.com. Henta 8. mars 2018. 
  10. Hooper, Mark (29. januar 2008). «Catch of the Day: Dennis Wilson». London: guardian.co.uk. Henta 8. mars 2018. 
  11. Edmonds, Ben. «Dennis Wilson: The Lonely Sea». Mojo, November 2002
  12. Fornatale, Pete (3. november 1976). «Interview with Brian Wilson» (MP3). NY Radio Archive. WNEW-FM 102.7. 
  13. lenkje
  14. lenkje
  15. lenkje
  16. lenkje, arkivert frå originalen 26. juni 2008, henta 8. mars 2018 
  17. lenkje
  18. lenkje, arkivert frå originalen 19. mai 2011, henta 8. mars 2018 
  19. «link». Arkivert frå originalen 27. april 2009. Henta 23. juni 2008. 
  20. Spin June 2008, p.119
  21. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 84. ISBN 1-57859-061-2. 
  22. Mark Richardson (8. september 2008). «Brian Wilson». Pitchfork. 
  23. Dennis Wilson: The Beach Boy Who Went Overboard, arkivert frå originalen 30. august 2017, henta 8. mars 2018 
  24. «Pacific Ocean Blue: Album Chart History». Billboard. Henta 8. mars 2018. 
  25. «List of Pacific Ocean Blue Accolades». Acclaimedmusic.net. Arkivert frå originalen 9. mars 2008. Henta 8. mars 2018. 
  26. Dimery, Robert. «1001 Albums You Must Hear Before You Die». Cassell Illustrated. Henta 8. mars 2018. 
  27. «Lost Albums You Must Own». Mojo. Henta 8. mars 2018. 
  28. «70 of the Greatest Albums of the 70s». Mojo. Henta 8. mars 2018. 
  29. «The 100 Coolest Albums in the World Right Now!». GQ. Henta 8. mars 2018. 
  30. Bowen, Rebecca. «Beach Boy Dennis Wilson's Solo Album Finds Re-release». Paste Magazine. Henta 8. mars 2018. 
  31. Spring '08 LPs From Madonna, Coldplay, The Roots, Mudcrutch, Elvis Costello : Rolling Stone, arkivert frå originalen 13. mars 2010, henta 8. mars 2018 
  32. Thompson, Paul. «Dennis Wilson's Pacific Ocean Blue Finally Reissued». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 6. mars 2008. Henta 8. mars 2018. 
  33. Mills, Fred. «Dennis Wilson's Pacific Ocean Blue Reissued w/Unreleased Bambu». Harp Magazine. Arkivert frå originalen 28. februar 2008. Henta 8. mars 2018. 
  34. http://www.tiptopwebsite.com/custommusic2/craigslowinskicom2.pdf#page=1
  35. http://www.beachboysarchives.com/page11

Bakgrunnsstoff endre