Opna hovudmenyen

Paisley Underground er ein tidleg sjanger innan alternativ rock, hovudsakleg basert i Los Angeles. Sjangeren var mest populær på midten av 1980-åra.

Namnet kjem frå ein kommentar frå Michael Quercio frå bandet The Three O'Clock under eit radiointervju.

Paisley Underground nytta element av psykedelia, fyldige vokalharmoniar og gitar i ein folkrockstil ala The Byrds. Meir generelt vart det nytta element frå 60-tals pop og garasjerock frå vestkysten av USA, frå the Seeds til the Beach Boys.

Paisley Underground-stilen hadde ein overraskande innverknad på Prince. Ikkje berre hadde albumet hans Around the World in a Day frå 1985 ein meir psykedelisk stil enn dei tidlegare songane albuma hans, men han kalla òg plateselskapet sitt, Paisley Park Records, opp etter miljøet, skreiv «Manic Monday» for the Bangles, og signerte Three O'Clock til selskapet sitt.

Mot slutten av 1980-åra forsvann miljøet, men seinare band som Mercury Rev og Grandaddy har begge innrømd at dei var påverka av denne stilen.

Kjende band frå Paisley UndergroundEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra