Opna hovudmenyen
Palawanflugesnappar

Status i verda: VU Sårbar

Bilete frå byen Puerto Princesa, Palawan Foto: Carlo Benitez Gomez
Bilete frå byen Puerto Princesa, Palawan
Foto: Carlo Benitez Gomez
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Muscicapidae
Slekt: Ficedula
Art: F. platenae
Namn på andre språk
  • Engelsk: Palawan flycatcher
  • Vitskapleg namn
    Ficedula platenae
    Blasius, 1888

    Palawanflugesnappar (Ficedula platenae) er ein sky, lite synleg liten fugl i flugesnapparfamilien, og er endemisk til øya PalawanFilippinane.

    SkildringEndra

    Denne flugesnappararten har storleik typisk for slekta Ficedula, ca. 11,5 centimeter, men fjørdrakta er meir avdempa i fargene enn hos fleire andre Ficadula-artar. Oversida inkludert hovudet og gumpen er brunt til raudbrunt, halen er lysare oransje-raudbrun. Eit breitt område over brystet er òg oransje til raudbrunt. Elles er undersida lys brungul til kvit. Til forskjell frå det vanlege hos andre artar i slekta, er kjønna nokså like med berre små skilnader i farge på framhovudet.[1]

    Palawanflugesnapparar lever lågt i skogshabitat, opptil 1000 moh. Dei beitar insekt i klatrepalmar og bambus, opptil 10 meter over bakkenivå.[1]

    Populasjonen er estimert til å ligge mellom 6000 og 15 000 individ og er trudd å vere minkande. Arten er derfor klassifisert som sårbar.[2]

    KjelderEndra

    • Clement, P. (2018) Palawan Flycatcher (Ficedula platenae) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 19. mai 2018
    Referansar
    1. 1,0 1,1 Clement, P. (2018)
    2. BirdLife International (2018) Species factsheet: Ficedula platenae. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. mai 2018

    BakgrunnsstoffEndra

      Commons har multimedia som gjeld: Palawanflugesnappar