Palawanfroskemunn
Palawanfroskemunn i St Paul’s National Park Foto: Flickr-brukar markaharper1
Palawanfroskemunn i St Paul’s National Park
Foto: Flickr-brukar markaharper1
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Natteramnar og seglarfuglar Caprimulgiformes
Familie: Froskemunnar Podargidae
Slekt: Batrachostomus
Art: Palawanfroskemunn B. chaseni
Vitskapleg namn
Batrachostomus chaseni

Palawanfroskemunn (Batrachostomus chaseni) er ein nattaktiv insektetande art av froskemunnar i den biologiske ordenen natteramnar og seglarfuglar, Caprimulgiformes. Som namnet ymtar om er utbreiingsområdet i hovudsak øya PalawanFilippinane.

SkildringEndra

Dette er ein liten froskemunn, ca. 19-25 centimeter i kroppslengd og vekt på rundt 46 gram. Han har ekstremt breitt nebb, store auge og lange, tynne, uryddige fjørtufsar i andletet og på hovudet. Fjørdrakta til vaksne hannfuglar er generelt brun med tverrstriper i smale svarte og breiare lysebrune band på den lange halen og på vengene. Oversida er elles varierande lyst og mørkt flekkete. Undersida er lysare kanelfarga og har fleire lyse eller kvite flekkar enn oversida. Dei har ei lys augebrynstripe. Arten syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakta ved at hoer er bleikare, mindre kontrastfull med mindre markerte kvite teikningar.

Utbreiingsområdet er på Palawan og på dei små øyane Banggi nord for Borneo og Culion nord for Palawan. Her lever palawanfroskemunnar i tett underskog, helst fuktig. Føda er insekt som til dømes møll og sommarfuglar.

Storleiken på populasjonen er ikkje kjent og status på B. chaseni er ikkje fastsett ettersom han per 2020 framleis ikkje er anerkjent av Birdlife International.[1] Han er jamleg sett i nasjonalparken St Paul på øya.

Taksonomi

Etter IOC World Bird List og EBird/Clements Checklist er B. chaseni eit artstakson, medan HBW Alive skildrar det som ein underart av javafroskemunn, B. javensis.

KjelderEndra

  • Holyoak, D.T. & Kirwan, G.M. (2020) Horsfield's Frogmouth (Batrachostomus javensis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 4. januar 2020
Referansar
  1. BirdLife International (2020) Species factsheet: Artsliste froskemunnar. Henta frå http://www.birdlife.org den 4. januar 2020

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Palawanfroskemunn