Eldre steinalder

(Omdirigert frå Paleolittisk tid)

Eldre steinalder, paleolitikum eller paleolittisk tid er den første delen av steinalderen og fann stad under dei geologiske epokane pleistocen og holocen. I europeisk samanheng er tidsrommet vidare delt inn i tre hovudperiodar: tidleg, mellom og sein eldre steinalder.

Øks frå acheuléen under eldre steinalder, funnen i Spania.

Frå den tidlege delen kjenner me reiskapstradisjonane oldowan (eller abbevillien i Europa) og acheuléen, der ein hakka til skarpe eggar på steinar. Clactonien, tilpassingar av steinen til skaft, og levalloisien, der ein hakka spissar ut av ein heil stein, kjem også frå denne perioden.

Under mellomperioden vidareutvikla ein denne flekkekulturen til mousterien og tayacien. Den sistnemnde typen er funne saman med moderne menneske, medan mousterien er knytt til neandertalarar.

I sein eldre steinalder laga ein spesialiserte reiskapar frå steinar som var blitt førebudde. Ein fann opp nål og tråd, skinnklede, harpun og spydkastar og tilpassa fiskeutstyr.

Eldre steinalder i Noreg endre

Innan steinalderen i Noreg reknar ein tida frå 10.000 år før vår tidsrekning fram til 4000 f.Kr. som eldre steinalder. Tida blir igjen delt inn i desse fasane:

  • Fosna- og Komsafasen (10 000–8000 f.Kr.)
  • Tørkopfasen (8000–7000 f.Kr.)
  • Nøstvetfasen (7000–4800 f.Kr.)
  • Tverrpilfasen (4800–4000 f.Kr.)

Kjelder endre

  • «Stone Age», Encyclopaedia Britannica (Encyclopædia Britannica Online), 2009