Pamir Airways var eit privat flyselskap med hovudkontor i Kabul i Afghanistan.[2]

Pamir Airways

Skipa1994
HovudkontorKabul
LandAfghanistan[1]
Boeing 737-400 frå Pamir Airways

Historie

endre

Pamir Airways vart grunnlagt i mai 1995 og er det første private flyselskapet i Afghanistans historie som fekk løyve frå det afghanske departementet for sivil luftfart til å operera i landet. Flyselskapet er oppkalla etter ein av dei høgaste fjellkjedene i verda; Pamirfjella, som ligg i Afghanistan og heile Sentral-Asia. Namnet kan omsetjast som «verdas tak».

Til å byrja med opererte Pamir Airways med eit Boeing 707-320 og to Antonov An-12. I hadj-sesongane har Pamir Airways spela ei viktig rolle i å frakta afghanske pilegrimar til Saudi-Arabia. Flyselskapet frakta 9 000 pilegrimar i 2004 og 15 000 pilegrimar i 2005.

I april 2008 vart Pamir Airways overteke av ei gruppe framtredande afghanske næringsdrivande. I 2011 mista det løyvet sitt til å flyga.[3][4]

Flåte

endre

Flåten til Pamir Airways bestod av følgjande fly (per 17. mai 2010):[5]

Pamir Airways' flåte
Flytype Mengd Flyg Merknad
Boeing 737-200 2 Mellomlang distanse 1 parkert på TUS
Boeing 737-400 3 Mellomdistanse 1 vert operert av East Air
Totalt 5

Destinasjonar

endre

I desember 2009 opererer Pamir Airways flygingar til følgjande destinasjonar:[6]

Afghanistan
India
Saudi-Arabia
Dei sameinte arabiske emirata
  • Dubai

Ulukker

endre
  • Den 17. mai 2010 styrta Pamir Airways Flight 112, eit Antonov An-24, i Kotal-e Salang 100 km nord for Kabul.[7] Flyet var på veg frå Kunduz til Kabul flyplass då det plutseleg forsvann frå radaren.[8][9]

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre