Panhaggerty (også kalla pan haggerty, panackelty, panacalty, panaculty, panackas, panack eller pan hag) er ein potetrett frå Nordaust-England. Retten består av skiva potet og lauk steikt i ei panne eller omnsform. I tillegg kan ein ha riven ost eller corned beef, kjøtdeig eller kjøtrestar, krydder, kraft og andre grønsaker i retten, som finst i mange ulike variantar. Pang haggerty kan vera hovudrett eller tilbehøyr i eit måltid.[1] Retten blir typisk servert i karet han blei laga i.[2]

Versjonen frå området rundt Wear (som Sunderland) blir typisk bakt i ei form med kjøtbitar, lauk, kraft og krydder med potetene som eit lok oppå. I området rundt Tees (som Middlesbrough) var det vanlegare å laga retten i ei panne utan kjøt, som eventuelt kunne serverast ved sida av. [1]

Retten kan førast tilbake til irske innvandrarar til området. Han blei særleg laga i gruve- og hamnearbeidarfamiliar. Retten kunne kokast sakte i løpet av dagen og brunast ved eldstaden. Ein kunne også laga han i ei stor panne med meir væske og eta han som ein lapskaus eller suppe.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Regional recipes - NE England». foodytraveller.com. 15 December 2013. Arkivert frå originalen 29. desember 2016. Henta 4 February 2014. 
  2. Panhaggerty, Foods of England

Bakgrunnsstoff endre