Panserskipet «Norge»

Panserskipet «Norge» var eit norsk marinefartøy. Det vart bygd ved skipsverftet Armstrong i Newcastle-on-Tyne i Storbritannia. Skipsskroget vart sjøsett i 1899. Skipet vart bygt ferdig og kom i aktiv teneste i 1901.

«Norge»

«Norge» med kista til Bjørnstjerne Bjørnson i 1910.
Karriere
Type: Panserskip
Verft: Armstrong Whitworth i Newcastle upon Tyne
Byggjenummer: 698
Kjølstrekking: 1899
Sett i teneste: 1901
Lagnad: Senka på Narvik hamn, 9. april 1940
Generelle eigenskapar
Deplasement: 4 233 tonn tonn
Dekkbreidde: 15,7 meter m
Djupgang: 5,4 meter
Fart: 17 knop

Skipet var 94,6 meter langt og skroget hadde eit deplasement på 4233 tonn.

«Norge» vart senka ved Narvik 9. april 1940 av den tyske jagaren «Bernd von Arnim». Av dei 191 som var ombord, omkom 101 mann.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Panserskipet «Norge»
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.