Pantanal

Pantanal er det største våtmarkssystemet i verda og ligg delvis i Brasil, Paraguay og Bolivia. Det har eit areal på over 200 000 km² i regntida. Området består av grasletter og savanne som blir fylt av vatn. Den viktigaste vasskjelda til området er elva Paraguay. Namnet «Pantanal» kjem frå det portugisiske ordet pântano som tyder 'sump' eller 'våtmark'.

Pantanal
Pantanal, south-central South America 5170.jpg
Pantanal dekker store delar av m.a. delstaten Mato Grosso i Brasil.
Land Mal:Landdata Brasil, Bolivia

Pantanal
18°0′ S 56°30′ W
Pantanal 55.76W 15.40S.jpg
Wikimedia Commons: Pantanal
Frå Pantanal

Samanlikna med regnskogen i Amazonas har Pantanal fått lite merksemd. Området er likevel ei viktig fersk- og grunnvasskjelde for områda rundt, og har stor biodiversitet. Denne inkluderer 650 ulike fugleslag og 250 ulike fiskeslag. Delar av Pantanal er verna, slik som nasjonalparken Pantanal Matogrossense i Brasil. Til trass for dette er området truga av utbygging og av uttørking.

Sjå ògEndra

KjelderEndra