Paparoa nasjonalpark

Paparoa nasjonalpark ligg nord på vestkysten til SørøyaNew Zealand mellom byane Westport og Greymouth. Nasjonalparken vart oppretta i 1987 og omfattar 306 km².[1] Parken strekkjer seg frå eller nær kystlinja til toppen av høgdedraget Paparoa Range. Ein separat del av parken ligg i nord og omfattar eit område kring elva Ananui Creek. Parken vernar om eit kalksteins- og karst-område. Det ligg ei rekkje grotter i parken, ei av desse, Metro/Te Ananui, er ein kommersiell turistattraksjon. Største delen av parken er skogkledd, og har ein svært variert vegetasjon.

Paparoa nasjonalpark
park
Land  New Zealand
Region West Coast
Kart
Paparoa National Park
42°05′00″S 171°30′00″E / 42.0833°S 171.5°E / -42.0833; 171.5
Paparoa National Park markert med grønt.
Paparoa National Park markert med grønt.
Paparoa National Park markert med grønt.
Wikimedia Commons: Paparoa National Park

Riksvegen State Highway 6 går langs parken. Paparoa Track, ein av New Zealand's Great Walks, går gjennom han.[2] Den vesle busetnaden Punakaiki ligg nær grensa til parken, ikkje langt frå den populære turistattraksjonen Pancake Rocks.

Pancake Rocks og blåsehol i Paparoa nasjonalpark.

Historie endre

I 1976 hadde den ikkje-statlege organisasjonen Federated Mountain Clubs funne fram til den nordlege delen av Paparoa Ranges som eit potensielt verneverdig villmarksområde. I 1979 føreslo Native Forest Action Council ein nasjonalpark på 130 000 hektar, som skulle omfatta den nordlege delen av Paparoa Ranges og land mot nord og aust. Dette førte til slutt til at det statlege organet National Parks and Reserves Authority gav til kjenne at det såg på den vestlege delen av Paparoa Range som ein framtidig nasjonalpark. I mellomtida lukkast eit felles framlegg frå Institutt for vitskapleg og teknisk forsking (Department of Scientific and Industrial Research) og Nasjonalmuséet i å oppretta eit kjerneområde av stor økologisk interesse – skogane i den lågtliggjande karstsynklinalen – som Pororari Ecological Area i 1979.

Det første framlegget om ein stor park som også skulle innehalda villmarksområdet, vart forkasta, men etter sju høyringsrundar, og med hjelp frå andre miljøgrupper, mellom desse Royal Forest and Bird Protection Society, vart eit område på 30 327 hektar vedteke oppretta som Paparoa National Park den 23. november 1987.[3]

I 1995 fall ei utkikksplattform ved Cave Creek/Kotihotihoi parken saman, og fjorten menneske omkom.[4] Handinga førte til kraftig kritikk av styresmaktene for manglande midlar og oversyn,[5] og enda til slutt med at Denis Marshall gjekk av som konservasjonsminister.

Utviding av nasjonalparken endre

Etter at Pike River Coal gjekk konkurs kjøpte Solid Energy eigedelane til selskapet.[6] Styresmakten kjøpte så 3580 hektar land kring Pike River Mine. 15. november 2015 kunngjorde miljøministeren Nick Smith at dette området skulle leggjast til parken.[7]

Landskap endre

Parken har ein mangearta geologi og ulike landskapsformer som fjell, lågland og kystlandskap.

Fjell endre

Meir enn halve parken er best karakterisert som fjellendt, frå den austlege kanten av synklinalen til toppen av den største fjellrekkja.

Dei dominerande gamle klippene av granitt og gneis i Paparoafjella har ein nærare geologisk likskap til klippene i det fjerne Fiordland enn til hovudfjellrekkjene i Søralpane. Dette er fordi den alpine forkastinga har skilt dei frå dei opphavlege naboane sine gjennom dei siste 10 millionar åra.[8]

Karst endre

 
Frå Fox River

Elvene som renn frå Paparoa Ranges trengjer gjennom kalksteinsynklinalen (synklinal er den nedbøygde delen i ein falda berggrunn), og dannar underjordiske elveløp og utstrekte grottesystem, som er eit av kjenneteikna til parken.[3] Dei største elvene er Fox, Pororari og Punakaiki. Av andre kjende elver er Cave Creek, der 14 menneske mista livet i ei ulukke i 1995 då ei utkikksplattform braut saman.

Elvejuva, som er omkrinsa av høge, skogkledde kalksteinsklipper, er tilgansvegar til det indre av karstlandskapa i parken. I mange av sideelvene er imidlertid juva tronge og bratte og har fossefall. Turre, mosegrodde elvebreidder, karren (mindre karstflekker,[9] synkehol (eller dolines),[10] blinde dalar og basseng der vatn kjem fram or grotter eller vert borte i synkehol, viser alle til dei komplekse underjordiske systema. Den vedvarande påverknaden av vatn som har trengt seg gjennom den løyselege kalksteinen har danna intrikate system av sjakter, passasjar og grotter. Skogen sikrar at desse prosessane held fram ved å avgi rotnande vegetasjon som opprettheld surleiken i det rennande vatnet. Det største topografiske kjenneteiknet i karstregionen er Barrytown-synklinalen. Sandstein ligg berrsynt oppe i dagen på begge flankane i synklinalen, medan seinare danna grus og mudderstein dekkjer det lågare liggjande lendet i mellom. Desse heller lett eroderbare bergartene dekkjer underliggjande karst. Storparten av dei kjende grottesystema ligg på vestsida av sandsteinsynklinalen der drenasjen hovudsakleg går langs horisontale, svakare linjer i fjellgrunnen.[8]

Kystregion endre

 
Dei kjende «Pancake Rocks» i Paparoa National Park

Kystlinja i Paparoa er kjenneteikna av høge klipper som er skorne ut av bølgjene frå Tasmanhavet, med tronge viker og sandstrender innimellom. Utanfor kysten ligg små øyar og klippe-pilarar. Desse terrassane var ein gong øyer som vart ein del av hovudlanda då New Zealand heva seg over havet ganske nyleg i sin geologiske historie. Den best kjende attraksjonen langs denne kysten er Pannekakeklippene (pancake rocks) ved Dolomite Point, nær Punakaiki, der jamne lag av flat sandstein er eroderte slik at der somme stadar har danna seg basseng med sterke straumkvervlar, andre stadar blåsehòl.[8]

Eit anna kjenneteikn langs kysten er ein koloni med den sjeldne sjøfuglen westlandpetrell eller tāiko, som held til i tett skogvaksne terrassar like sør for Punakaikielva.[11] Hekkeområdet til westlandpetrellen ved Punakaiki er vorte klassifisert som eit viktig område for fuglar (Important Bird Area, IBA) av BirdLife International.[12]

Strid om gruvedrift endre

Sjølv om Paparoa nasjonalark er verna mot gruvedrift gjennom lovverket, har det kome framlegg om å tillata avgrensa gruvedrift innanfor grensene til parken. Den 22. mars 2010 gav energiminister Gerry Brownlee og miljøminister Wilkinson ut eit høyringsnotat som inneheldt eit framlegg om å ta bort 7 058 hektar land som var verna i lova om mineralutvinning frå 1991 (Crown Minerals Act 1991), dette omfatta Inangahuasektoren i Paparoa nasjonalpark.[13] Dette området var 3 315 hektar, eller åtte prosent av parken, og stod no i fåre for at det kunne startast gruvedrift der.[14]

Den 26. mars 2010 sa ein talsmann for energiministeren at ein ikkje ville sjå bort rå at det kunne verta gruvedrift i form av dagbrot Paparoa nasjonalpark.[15]

Den 20. juli 2010 gav energiministeren og miljøministeren ut ei felles fråsegn i saka, der det gjekk fram at det var motteke 37 552 svar på høyringsnotatet, og at regjeringa hadde vedteke å ikkje fjerna nokon av desse landområda frå vern mot mineralleiting og -utvinning. Regjeringa ville elles arbeida vidare med planane om å verna nye 14 område på totalt 12 400 hektar, av dette 240 hektar i Paparoa National Park (det nordvestre tillegget).[16]

Paparoa Track og Pike29 Memorial Track endre

Ein gåsti på 55 kilometer (34 mi), Paparoa Track frå Blackball til Punakaiki, og Pike29 Memorial Track blei oppførte i parken som eit minnesmerke til dei 29 gruvearbeidarane som blei drepne i ei gruveulukke ved Pike River Mine i 2010.[17][18]

 
Paparoa Track ved Pororarielva.

Skipinga av Paparoa Track har vore ein katalyst for utviklinga av eit opplevingsmiljø på vestkysten, med hendingar som The Paparoa,[19] som omfattar terrengløp og terrengsykling langs ruta. Hendinga bygger på gruvehistoria i området, og feirar også dei mange kvinnelege opplevingsidrettsutøvarane frå regionen, som Casey Brown, Ruth Croft og Emily Miazga.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Paparoa National Park». Department of Conservation Te Papa Atawhai. Henta 16. september 2012. 
  2. «Great Walks». Department of Conservation. Arkivert frå originalen 1. april 2020. Henta 28. mars 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Paparoa National Park Resource Summary» (PDF). Department of Conservation. 1990. ISBN 0-478-01193-8. Henta 16. september 2012. 
  4. Chapman, Paul (29. april 1995). «Students killed as viewing platform plunges into gorge». The Daily Telegraph (London). s. 15. ProQuest document ID 317444382. 
  5. Judge Noble (1995). «Commission of inquiry Cave Creek report: Issues». The Department of Internal Affairs. Henta 18. februar 2012. 
  6. «Pike River mine sold to Solid Energy». Stuff. 3. desember 2015. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 5. desember 2015. 
  7. «Pike River walkway confirmed for West Coast». Stuff. 15. november 2015. Arkivert frå originalen 11. september 2017. Henta 9. juli 2022. 
  8. 8,0 8,1 8,2 «Paparoa National Park Management Plan». Department of Conservation. 1992. ISBN 0-478-01468-6. Henta 30. september 2012. 
  9. «Karst Geology: Karren». www.showcaves.com. 2011. Henta 30. september 2012. 
  10. «Karst Geology: Doline or sink hole». www.showcaves.com. 2011. Henta 30. september 2012. 
  11. «Westland petrel - tāiko» (PDF). Department of Conservation. 2006. Henta 30. september 2012. 
  12. «Westland Petrel Procellaria westlandica Important Bird Areas factsheet: Punakaiki». BirdLife International. 2012. Henta 30. september 2012. 
  13. «Time to discuss maximising our mineral potential». New Zealand Government. 22. mars 2010. Henta 30. september 2012. 
  14. «Maximising our Mineral Potential - Summary of Government proposals» (PDF). New Zealand Government. 22. mars 2010. Henta 30. september 2012. 
  15. «Open cast mining in Paparoa not ruled out». The Press. 26. mars 2010. Henta 30. september 2012. 
  16. «No land to be removed from Schedule 4». New Zealand Government. 20. juli 2010. Henta 30. september 2012. 
  17. «Pike River tragedy memorial walking track wanted». Stuff. 29. januar 2015. Arkivert frå originalen 2. februar 2015. Henta 9. juli 2022. 
  18. «Tourist track an insult to dead Pike River miners says widow». Stuff. 15. november 2015. Arkivert frå originalen 9. september 2017. Henta 5 December 2015. 
  19. «The Paparoa – New Zealand's Premium Mountain Race». Arkivert frå originalen 22. januar 2019. Henta 28. mars 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Paparoa nasjonalpark
  Reiseguide for Punakaiki frå Wikivoyage