Paris-Madrid-løpet

Paris-Madrid var eit motorløp som vart halde i 1903. Løpet starta i Versailles i Frankrike, med 216 bilar og 59 motorsyklar som starta ved jamne intervall.

Fernand Gabriel, vinnaren av det avbrotne Paris-Madrid løpet.

Den første ulykka skjedde 72 kilometer frå Paris, då ei kvinne vart treft av ein av dei konkurrerande bilane medan ho kryssa vegen. Ved Châtellerault vart ein mann og eit barn trefte då ein bil køyrde i nokre tilskodarar. Lenger sør køyrde ein annan bil av vegen og drap to tilskodarar. Slik fylgde ulykkene gjennom heile dagen. Bilar trefte tre og vart knuste, eller velta og byrja å brenne.

Om natta vart løpet stogga i Bordeaux. Halvparten av dei startande hadde brote løpet og minst 8 menneske var drepne, mange fleire skadde. Camille du Gast var på ein åttandeplass då ho stoppa for å hjelpa ein annan deltakar. Ho enda på ein 45. plass. Franskmannen Fernand Gabriel vart kåra som vinnaren av det avbrotne løpet. Bilbyggjaren Marcel Renault var ein av dei som omkom under dette løpet.

Denne type løp vart ikkje arrangert igjen før Mille Miglia i 1927.