Opna hovudmenyen

William Patrick O'Brien, kjend som Parry O'Brien, (28. januar 193221. april 2007) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Santa Monica i California. Han vart olympisk meister i kulestøyt i 1952 og 1956, og vann ei sølvmedalje i øvinga i 1960.

Parry O’Brien
Parry O'Brien 1956cr.jpg
Fødd 28. januar 1932
Santa Monica
Død

21. april 2007
Santa Clarita

Yrke friidrettsutøvar
Parry O’Brien på Commons

AktivEndra

Tidleg i 1950-åra utvikla O'Brien ein ny metode i kulestøyt. Ved å rotere 180 grader i høve kastretninga gav han kroppen, og dermed kula større utgangsfart. Med denne støytmetoda sette han 17 verdsrekordar i åra frå 1953 til 1959. Sin fyrste verdsrekord, 18 meter jamnt, sette han i Fresno 9. mai 1953. Siste rekorden, 1. mai 1959, landa kula på 19,30 m i Albuquerque. Sitt aller lengste kulestøyt presterte O'Brien i 1966 med 19,69 m.

Mellom 1952 og -56 vann O'Brien 116 tevlingar på rad. Under Sommar-OL 1964 i Tokyo, der han vart nummer fire i kulstøyt, var han flaggberar for troppa frå USA. Både i 1955 og 1959 vann han kulestøyt i dei panamerikanske leikane.

O'Brien døydde medan han deltok i ei symjetevling i Santa Clarita i California.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra