Partitiv er eit kasus som blir brukt til å merke objektet.

Partitiv i austersjøfinske språk endre

Partitiv finst i finsk og i andre austersjøfinske språk, og det blir m.a. brukt i opposisjon til akkusativ, for å uttrykkje aspekt og for å uttrykkje distinksjonar tilsvarande dei vi uttrykkjer med bestemtheit i norsk.

I finsk er regelen for bruk av partitiv og akkusativ følgjande: Viss objektet viser til ei avslutta handling, skal det stå i akkusativ. I andre tilfelle skal det stå i partitiv. Dette inneber at objektet står i partitiv i tilfelle som desse:

  • Join maitoa «Eg drakk mjølk» (ubestemt mengd). Jf.: Join maidon (akkusativ) «Eg drakk opp (den) mjølka» (t.d. all mjølka som var i glaset)
  • En nähnyt sinua «Eg såg ikkje deg» (nekta setning, «sjåinga vart ikkje avslutta»)
  • Luin kirjaa «Eg las i ei bok» (og vart ikkje ferdig, jf. Luin kirjan «Eg las (ut) boka», med akkusativ)
  • Rakastan sinua «Eg elskar deg» (kontinuerleg, ikkje-avsluttande verbhandling, jf. Rakastin hänet kuoliaaksi «Eg elska han/henne til døde», med akkusativ)

Substantivfraser som står til talord og mengdeord (andre enn talordet yksi "ein") står i partitiv eintal:

  • yksi hieno kirja "ei fin bok" (nominativ eintal), kaksi hienoa kirjaa "to fine bøker" (partitiv eintal)

Partitiv i austsamiske språk endre

Partitiv kasus finst også i enaresamisk, skoltesamisk og kildinsamisk, der dei blir brukt etter talord.