Pas-de-Calais

franske departement
Pas-de-Calais
Våpenskjoldet til Pas-de-Calais
Plassering
Plasseringa til Pas-de-Calais i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 62
Region: Hauts-de-France
Préfecture: Arras
Sous-préfectures: Béthune
Boulogne-sur-Mer
Calais
Lens
Montreuil-sur-Mer
Saint-Omer
Arrondissement: 7
Kantonar: 77
Kommunar: 894
Président du conseil général: Dominique Dupilet
Statistikk
Folketal Rangering 5.
 -1999 1 411 568
Folketettleik: 216/km²
Landareal¹: 6 671 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Pas-de-Calais er eit departement nord i Frankrike. Departementet ligg i regionen Hauts-de-France, og er kalla opp etter Doversundet, som på fransk har namnet pas de Calais (Calais-sundet, etter byen Calais), og som ligg like nord for departementet.

Historie endre

Pas-de-Calais er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Boulonnais, Ponthieu og Artois.

Området har vore busett sidan førhistorisk tid, og har etter tur vore busett av keltarar, romarar, germanske frankarar og alemannarar. På 300- og 400-talet samarbeida romarane med germanske stammer, som medverka med militær støtte langs ruta frå Boulogne til Cologne. Dette skapte ei germansk-romansk språkgrense i området, som varte fram til 700-talet. Då saksarar koloniserte området frå 400- til 700-talet strakk denne grensa seg noko lenger sørover og vestover, slik at dei fleste innbyggjarane nord for Béthune på 800-talet snakka ein dialekt av middelnederlandsk, medan innbyggjarane i sør snakka forskjellige romanske dialektar. Denne språkgrensa ser ein framleis i dag i stadnamna.

Under den første verdskrigen vart nokre av dei hardaste slaga utkjempa her, mellom anna Slaget om Vimyhøgda der kanadiarane mista mange soldatar.

Pas-de-Calais var òg mål for Operasjon Fortitude under den andre verdskrigen, som var dei allierte sin plan om å lure tyskarane til å tru at invasjonen av Europa skulle skje her, og ikkje i Normandie.

Geografi endre

Departementet er i dag ein del av regionen Nord-Pas-de-Calais og grensar til departementa Nord og Somme, i tillegg til Den engelske kanalen og Nordsjøen i nord og vest.

 
Byar med meir enn 10 000 innbyggjarar

Dei største byane på kysten er Calais og Boulogne-sur-Mer og i Artois Lens, Liévin, Arras og Saint-Omer.

Dei viktigaste elvane er:

Økonomi endre

Økonomien i departementet var lenge avhengig av gruvedrift, hovudsakleg etter kol. Etter den andre verdskrigen har derimot økonomien vorte meir variert.

Demografi endre

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Pas-de-Calaisiens.

Pas-de-Calais er eit av departementa i Frankrike med høgaste folketettleik, og har likevel ingen storbyar. Calais har berre like over 100 000 innbyggjarar, følgt av Boulogne-sur-Mer og Saint-Omer. Resten av folkesetnaden bur hovudsakleg langs grensa til departementet Nord i gruvedistriktet, der fleire småbyar til saman dannar eit storbyområde med om lag 1,2 millionar innbyggjarar. Sentrale og sørlege delar er meir landleg, men likevel ganske tett folkesett med mange landsbyar og småbyar.

Sjølv om nokre av dei kraftigaste kampane under den første verdskrigen vart utkjempa her tok folketalet seg raskt opp att etter begge krigane. Mange av gruvebyane har derimot opplevd stor fråflytting, og enkelte har i dag berre halvparten av innbyggjarane dei ein gong hadde.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pas-de-Calais