Pasjtunarar

(Omdirigert frå Pashtun)

Pasjtunarar er ei folkegruppe som stammar frå området mellom Hindukush nordaust i Afghanistan og nordlege delar av Indus i Pakistan. Målet deira er vanlegvis pasjto. Pasjtunarar er også blitt kalla afghanarar.[1]

Pasjtunsk far og dotter i Khost-provinsen i 2009.

Pasjtunarane er den største folkegruppa i Afghanistan, med eit estimert folketal på rundt 11 millionar tidleg på 2000-talet,[1] mellom 42 og 60 % av innbyggjarane i landet.[2] Det finst også mange av dei i Pakistan, rundt 25 millionar eller 11 %,[3][4] og mindre grupper held til i fleire delar av India. I Pakistan lever pasjtunarar særleg i område sør for Quetta.[1]

Den tradisjonelle stammeinndelinga er framleis viktig i pasjtunsk kultur. Folkegruppa er delt inn i rundt 60 stammar av ulik storleik som igjen er delt inn i klanar, og har ulike territorium. Dei mektigaste gruppene i Afghanistan er Durrani-stamma frå sør i landet, som den tidlegare afghanske kongefamilien kom frå, og Ghilzay-stammar frå området aust for Kabul.[1]

Ein del pasjtunarar har danna ei rørsle for å skipa ein sjølvstendig nasjonalstat kalla Pakhtunistan. Denne rørsla har hatt lita oppslutting, mellom anna fordi stamme og klan speler ei større rolle enn etnisitet.[5]

Norsk Pathanmisjon har vore aktiv blant pasjtunarar.[5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Pashtun», Encyclopædia Britannica Online, Encyclopædia Britannica Inc., 2016, henta 27. mai 2016 
  2. «Afghanistan population: 32,564,342 (July 2015 est.)». The World Factbook. Central Intelligence Agency (CIA). Henta 20. september 2010. 
  3. «Pakistan population: 199,085,847 (July 2015 est.) [Pashtun (Pathan) 15.42%] = 30,699,037». The World Factbook. Central Intelligence Agency (CIA). Henta 10. februar 2012. 
  4. «Pakistan Index: Tracking Variables of Reconstruction & Security» (PDF). Brookings Institution. 29. desember 2011. s. 13. Henta 25. januar 2012. 
  5. 5,0 5,1 Finn Thiesen. «Om språkforholdene i Pakistan II – Pakistans regional- og lokalspråk».