Pasifisme er motstand mot krigføring. Eit ikkje-valdeleg verdssamfunn er ønsket til mange pasifistar, som kan kjempa for målet sitt til dømes ved å nekta militærteneste eller demonstrera mot krigshissing eller faktiske krigar.

Samling i Assisi under den internasjonale dagen for bøn for fred i 2011.

Historie endre

To kjende døme på pasifistiske aksjonar i oldtida er frå peloponnesarkrigen, som varte frå 431 til 404 f. Kr. Den eine var den fredelege protesten til Hegetorides av Thasos, den andre sexstreiken til dei atenske kvinnene som blei del av verdslitteraturen gjennom Aristofanes sin komedie Lysistrata.

Nokre religiøse samfunn, som Vennesamfunnet (kvekarane), Amishane og Mennonittane har vore gjennomført pasifistiske i hundreår.

På attenhundretalet voks pasifismen, særleg som del av sosialismen. Det blei hevda at krig var ei form for kontroll av arbeidarklassa frå styresmaktene si side. Det var vanlege folk som måtte slost og døy i krigen, medan herskarklassen hausta fruktene av lidinga deira.

Ikkje-vald endre

Etter kvart blei motstanden mot krig vidareført til ikkje-valdeleg motstand mot urettvise. Då britiske styrkar prøvde å ta land frå maorianeNew Zealand fekk leiaren Te Whiti-o-Rongomai to tusen landsbybuarar til å vera fredeleg vertskap for soldatane. Han og andre let seg òg arrestera utan å gjera motstand.

Den indiske leiaren Mahatma Gandhi brukte same tankegangen då han kjempa for å gjera landet sitt fritt frå det britiske imperiet. Han utvikla det hinduiske omgrepet ahimsa til ein eigen livsstil og eit effektivt, ikkje-valdeleg kampvåpen mot koloniherrane.

Martin Luther King brukte same taktikk då han og andre kjempa for like borgarrettar for afro-amerikanarar i USA.